Sentralstyret, der Jens Stoltenberg er leiar, skulle etter planen ta stilling til eit eksklusjonskrav frå lokallaget i ettermiddag. Men no er saka utsett, får bt.no opplyst i Arbeidarpartiet.

**Les og:

— Skulestrid framkallar urinstinktet**

Kvifor blande inn heile verda? Det er så toskete at ein kunne grine

Professor Frank Aarebrot

Djupe konfliktlinjer

Bakgrunnen for at Kvam Ap ønskjer å kaste ordførar Astrid Farestveit Selsvold og heradstyremedlem Even Øyri ut av partiet, er at dei røysta mot eige partiprogram i ein opprivande skulestrid. Dermed sikra dei to Ap-medlemmane fleirtal for å leggje ned ungdomsskulen i Norheimsund.

I dag er Kvam Ap, som er det største lokallaget til partiet i Hordaland, sterkt prega av skulestriden. Ein ordknapp ordførar Selsvold stadfestar at saka har vore «frykteleg vond og vanskeleg» for lokallaget.

Lokallagsleiar Sveinung Vestbø fortel at Kvam Ap er splitta, ikkje berre i to, men fleire fløyer. Utover det vil han ikkje utdjupe konfliktlinjene.

- Toskete

I juni gjorde fylkesstyret i Hordaland Ap det klart at dei ikkje støttar eksklusjonskravet. Professor og Ap-medlem Frank Aarebrot seier til BT i dag at lokallaget burde ha stoppa der.

— Kvifor blande inn heile verda? Det er så toskete at ein kunne grine, seier han.

— Det klokaste i slike saker er å la fylkespartiet ta endeleg avgjerd. For di lenger vekk dei som skal behandle saka er, dess mindre peiling har dei på sjølve saka. Då er sjansen stor for at dei vil trampe rundt som elefantar i ein steintøybutikk.

Men Vestbø meiner at lokallaget må få hjelp frå sentralt hald i den vanskelege saka.

— Når det er så ulike oppfatningar i laget, må øvste hald i Arbeidarpartiet fortelje oss korleis vi skal handtere situasjonen, seier Vestbø.

— Uavhengig av utfall vil det å få svar på om eit partiprogram er forpliktande eller retningsgjevande få mykje å seie for det vidare politiske arbeidet i Kvam Ap.

Frå Midtasten til Kvam

Og uavhengig av konklusjonen 14. desember skal lokallagsmedlemmene i Kvam få hjelp av fylkeslaget framover. Sår skal gro ved hjelp av kursing og dialog.

— Det er viktig at alle er innstilt på å bidra. Men Kvam Ap blir ikkje samla på ei veke, seier Vestbø.

Aarebrot fortel at eksklusjonssaker i Ap var vanlegare før. Det som gjer situasjonen så spesiell i Kvam er at eksklusjonskravet gjeld ordføraren.

Skulestriden i heradet er eit døme på kva som skjer når geografi blir viktigare enn partipolitikk, seier professoren.

— Dette er ikkje uvanleg på Vestlandet, men komikken i Kvam er at dei to bygdene praktisk talt er bygde saman. Det kan ikkje bli fred i Midtausten så lenge det ikkje er fred mellom Øystese og Norheimsund!

Sei di mening om eksklusjonssaka her.