• Ingen tidlegare politikar har så stor innverknad på den politiske debatten som Kåre Willoch. Og ingen politikar har betydd meir for norsk opinion i Midt-Austen-komplekset.

Tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Hallvard Bakke (A) seier dette til Bergens Tidende. Bakke var ein av dei mange som fylgde interessert med då Willoch i går presenterte si nye bok «Myter og virkelighet».

Med dette har Willoch fullførd memoarane sine med bok nummer tre. Den fyller 1960— og 1970-åra.

«Grådige kapitalistar»

I går tok Willoch til orde mot «grådige kapitalistar» som er meir opptekne av å forbruke enn å skape. Han omtalar dette som «degenerert kapitalisme». Han meiner desse haldningane er sterkt medverkande til den økonomiske krisa ein ser i verda i dag.

Han tok og eit oppgjer med «mediebiletet» av at høgt forbruk er rosverdig.

Samstundes er han sterkt kritisk til stortingspolitikarane sine evner eller vilje til å fatte dei vedtak som trengst for å halde økonomien under kontroll.

Bakke meiner Willoch har gjennomgått ei utvikling som gjer at han på ein del område blir identifisert med venstresida i politikken.

Vil ha motvekt mot USA

— På ein del av desse områda er eg samd med han. Det gjeld sjølv om Willoch hevdar at standpunkta hans har grunnlag i konservativ ideologi, seier Bakke.

Bakke trekker fram som særleg interessant at Willoch nå manar til å skape ei motvekt mot USA for å hindre at USA blir for dominerande og for lett tyr til maktbruk for å fremje eigne interesser.

Mange kommentatorar og politikarar meiner at Willoch har endra oppfatningar og at det er ein heilt «ny og radikalisert Willoch» som nå stadig er på banen i politiske debattar.

- Ingen raddis

Det er tidlegare SV-leiar og stortingsrepresentant, Stein Ørnhøi, djupt usamd i:

— Willoch er ingen raddis. Han har korkje bevega seg til høgre eller til venstre. Han er den mest konsekvente konservative eg kjenner. Det viktige for han er å halde ro, trygge stabilitet, tryggleik og syte for at framtida er forutseieleg, seier Ørnhøi.

Han meiner det difor er viktig for Willoch å trygge staten sin autoritet.

— Det verste Willoch veit, er irrasjonelle folk. Sjølv er han så ryddig at det er ein fryd å vere usamd med han. Han spelar rolla som klassisk konservativ allfader, seier Ørnhøi. Han kan også avsløre at han saman med andre, utan hell, har leita etter å finne gamle Willoch-sitat som viser at Willoch har gått skoa av seg.

— Dei finst ikkje, sukkar Ørnhøi.

Ein annan politikar som utkjempa mang ein kamp med Kåre Willoch, var Odvar Nordli (A), mangeårig stortingsrepresentant, statsminister, og seinare, som Willoch, fylkesmann:

- Klokare Willoch

— Det var ei spesiell form for samarbeid mellom oss: Vi var veldig klar over kva vi var usamde om. Med det som utgangspunkt gjekk vi inn i samarbeid om det vi var samde om. Han var ryddig og tok ansvar.

— Har han endra oppfatningar på viktige punkt?

— Sjølv nektar han for det. Vi må ta med oss at tida endrar seg og dei politiske føresetnadane med. Endra standpunkt betyr at ein er i stand til ta denne utviklinga inn over seg.

— Kva med Midt-Austen-spørsmålet?

— Om det vil eg seie at Israels politikk har gått frå vondt til verre. Det ville vere påfallande om eit oppegåande menneske ikkje hadde orientert seg etter det.

Nordli har ei helsing til å sende til Willoch:

— Når han seier at kapitalismen må ha eit demokratisk kontrollapparat over seg, ja så tyder det på at Willoch ikkje berre er blitt eldre, men at han også er blitt klokare.