Det vrimlar av raudbukser rundt idrettshallen på Bremnes. Mange med startnummer, andre utan.

Det er vår og Bømlo-russens årlege «Løp for livet» — eit venskapeleg stafettløp på seks kilometer rundt Storavatnet, med deltaking også av russ frå Stord og Fitjar og ungdomsskule-, yrkesskule- og folkehøgskuleelevar på Bømlo.

I dag var 24. året på rad med russearrangementet. Og som alltid går deltakaravgifta på 40 kroner pr. elev uavkorta til kreftforskning gjennom Kreftforeningen.

Det blir det pengar av

Men bømlorussen engasjerer seg til fordel for kreftsaka så å seia gjennom heile siste skuleåret på vidaregåande. Og det blir det pengar av, i år truleg over 300.000 kroner – gjennom alle 24 år over tre millionar.

— Me startar om hausten med nattcup i fotball, seinare går det slag i slag med sokkesal, oppdrag for Sentrumsforeninga, leikedagar på barneskulane og innsamlingsaksjonen «Krafttak mot kreft». Og så får me inntekter frå kiosksal, og eit eige bedriftsløp, fortel kreftaksjonsleiaren for bømlorussen, Grethe Eren Tveita (18).

Før løpet i dag stod det over 250.000 kroner på årets aksjonskonto.

— Det krev ein god del arbeid å organisera alle tiltaka gjennom året. Men det er kjekt, og lærerikt, seier Grethe.

Elev døydde av kreft

— Det heile starta då ein av elevane ved skulen fekk kreft og døydde, og medelevane fekk eit sterkt ønskje om å gjera noko for denne eleven og andre i same situasjon. I år er me stolte av å arrangera aksjonen for 24. gong, seier Grethe Eren Tveita.

Russen ved Bømlo vidaregåande sitt engasjement for kreftsaka har oppstått på elevane sitt eige initiativ. «Løp for livet» starta som eit skuleløp.

I dag blir skular på Bømlo, Stord og Fitjar oppfordra til å stilla med klasselag til stafetten rundt Storavatnet ved Svortland på Bømlo. I dag deltok 33 lag, og det blir sprunge 21 etappar. Årets vinnar blei klasse 10d ved Bremnes ungdomsskule.

Prinsippet for bedriftsløpet er det same som ved skuleløpet, men målgruppa er bedrifter, lag og organisasjonar. Bedriftsløpet skjer i år søndag 15. april.

— Me oppmodar alle bedrifter til å stilla lag på bedriftsløpet, og dermed vera med i kampen mot kreften, seier Grethe ErenTveita.

Kreftforeningen imponert

Innsamlinga til Kreftforeningen har blitt til ein konkurranse mellom russekulla, der målet for kvar aksjon er å slå fjorårets innsamlingsrekord.

— Det er lange tradisjonar for å klara dette, og me ønskjer ikkje å bli noko dårlegare i år, seier Tveita.

— At løpet blir gjennomført for 24. gong vitnar om eit unikt og fantastisk engasjement for kreftsaka på Bømlo. Det er ingen andre russ i landet som i så mange år har lagt ned så mykje arbeid og innsats for kreftsaka som bømlorussen gjer, seier Helene Unneland, rådgjevar i Kreftforeningen.

Ho ønskjer også å rosa innbyggjarane på Bømlo.

— År etter år tek dei imot og støttar «Løp for livet» ved å gje pengar til aksjonen. Og ikkje berre er «Løp for livet» ei økonomisk handsrekking til kreftforskninga, like viktig er engasjementet og støtta kreftsaka får, seier Unneland.

Over 15.000 russ i Noreg har i år delteke i «Krafttak mot kreft», som er Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon for kreftsaka. Russen på Bømlo er med på denne aksjonen som en del av «Løp for livet».

KRAFTTAK: Inga Gloppen (19) til v. og Grethe Eren Tveita (18) står i år i spissen for Bømlo-russen sin innsamlingsaksjon «Løp for livet» som i alt har resultert i over tre millionar kroner til kreftsaka.
OVE A. OLDERKJÆR