Nokre kilometer frå eit av Norges viktigaste historiske bygg, stavkyrkja på Ornes, byggjer dei ein modell av noko av det viktigaste i norsk historie. I verkstadhallen til Ornes Båtbyggeri er 2003-utgåva av det 1200 år gamle Osebergskipet i ferd med å få si form. Kjølen er strekt. Rikt utskorne stamnar er på plass. Sakte, men sikkert kjem sideborda på.

— Ein vaksen robåt dette, smiler Øyvind Hatlevoll, sjefen for båtbyggeriet i den vesle bygda i Lustrafjorden.

Han viser oss inn i verkstadhallen der Odd Skjolden og tyske Christof Lange handterer sag og høvel. Og finn fram tvingene når eit sidebord skal på.

— Dette kan jeg godt li', seier tyskaren på klingande dansk.

Representerer Skandinavia

— Dette er eine og åleine trearbeid. Reint handverk. Eg trur dette må vere det næraste vi kjem trebåtbyggarens lest, seier Hatlevoll. Han spring att og fram mellom vikingskipet inne i verkstadhallen, ein fiskebåt frå Sotra under rehabilitering ute og kontoret sitt. Alt medan mobiltelefonen pip i eit bankande køyr.

— Det er travelt, ja, innrømmer eine halvdelen av dei to som starta båtbyggeriet i 1975. Den gongen fanst det rikeleg med skeptikarar. Men snart 30 år seinare lever einaste industriarbeidsgjevaren på Ornes i beste velgåande. Og etter å ha bygt sju vikingskip før, er dei i gang med det kanskje mest prestisjetunge.

— Dette blir største skipet vi har bygt frå grunnen av. Det er spennande, er den nøkterne kommentaren.

Kjøpar er ein bank i Nord-Japan. For tre-fire år sidan tok dei til på å byggje opp eit «museum» med båtar frå heile verda. Opplevingssenteret omfattar eit innebasseng for småbåtar og eit utebasseng for dei store. I det siste skal Oseberg-modellen frå Ornes bli ein hovudattraksjon.

— Banken driv museet på rein kommersiell basis. Det vi har forstått er at skipet vi lagar, blir Skandinavias representant, seier Hatlevoll.

Tung og seig eik

Nær 22 meter langt, fem meter breitt, fem meter høgt i stamnen. Det er dei vitale måla for farkosten som er i ferd med å ta form. Heile skipet blir bygt i eik, hogd i Tyskland, men kjøpt i Danmark. 30 tonn er handla inn. Når båten er ferdig vil han vege vel 11 tonn. Det blir mykje avskjer.

— Det er ikkje det at det er så hardt, men eik er tungt og seigt materiale å arbeide med, seier Harald Kvalen. Han var den andre som drog i gang Ornes Båtbyggeri midt på 70-talet. Seinare har sjukdom gjort at han måtte trekkje seg ut. Ei hjelpande hand blir det likevel råd med no og då, og på Oseberg-modellen har han fått brukt hobbyen sin: Treskjering. Kvalen har skore ut dyreornamenta på dei ormeliknande stamnane.

— Det er første, og heilt sikkert også siste gongen, eg gjer slikt på eit vikingskip, trur han. Osebergskipet er det einaste med så rike utskjeringar. På dei andre vikingskipa arkeologane har grave fram frå norsk fortid, er det lite utsmykking.

Men om eik er tungt og hardt, har det høg status i Japan.

— Det blir rekna som eit eksklusivt materiale. Eik er det dyraste treslaget i Japan, fortel Hatlevoll.

Via ambassaden

Det var i fjor haust at kontakten med den japanske banken blei oppretta. Det skjedde gjennom ein førespurnad frå den japanske ambassaden i Oslo.

— Vi veit ikkje korleis det hadde seg at dei tok kontakt med oss, seier Hatlevoll.

I januar blei avtalen inngått. Ornes Båtbyggeri gav eit tilbod på nær to millionar kroner. Banken hadde ingen innvendingar. Tidlegare i sommar var ein delegasjon frå den japanske banken på Ornes for å sjå på framdrifta. Elles har kontakten gått via e-post.

I juli skal sjølve båten vere ferdig. Då startar arbeidet med innreiinga. Og i oktober skal farkosten fraktast med båt frå Bergen til Japan. Men i slutten av september bør det meste vere gjort. Då kjem bankdirektøren.

Japanarane har tinga fotosession i originalt farvatn. Båten, «ekte» vikingar og Sognefjorden i vakraste haustskrud skal på film. Norsk nasjonalromantikk og vikingpatos for Japan.

<b>UNDER ARBEID:</b> Kopien av Osebergskipet skal vere klar for levering til den japanske kunden denne hausten. (FOTO: TERJE ULVEDAL)
TERJE ULVEDAL