Eks-lensmann Norvald Visnes og reiar Dan Odfjell meiner begge at politiet må sjå på mordbrannen på ny.

I dag la ei sjølvutnemnd ekspertgruppe fram sine konklusjonar etter skipskatastrofa i 1990. 159 menneske omkom i brannen.

Dette er kva ekspertgruppa hevdar:

  • Politietterforskinga etter brannen var svært mangelfull.
  • Brannen var planlagt, og motivet var forsikringssvindel.
  • Medlemmar av mannskapet var brannstiftarar. Mannen som har fått skulda for ildspåsetting, døydde før dei siste brannane, og kan difor ikkje vere den som sette igang brannane. — Mi meining er at mange og nye bevis er lagt fram i dag, saNorvald Visnes, tidlegare Fana-lensmann, på pressekonferansen laurdag.

Gjenopptaking

Han har vore involvert i arbeidet til stiftinga«Etterforskningen av mordbrannen på Scandinavian Star» i ti år, oghjelpte dei blant anna med gjenopptakingskravet som riksadvokaten avviste ifjor.

Nå meiner han så mykje nytt er kome fram at gruppa må få eitmøte med politimeisteren i Oslo, Hans Sverre Sjøvold. Det har Oslo-politiet gått med på.

- Arrogant riksadvokat

— Dersom dei får leggje fram saka for han, er eg sikker påat han vil treffe ei klok og fornuftig avgjerd, i samråd med statsadvokat ogriksadvokat, sa Visnes.

Reiar Dan Odfjell er mindre diplomatisk:

— Denne saka er veldig stygg. Eg tykkjer vi har ein svært,svært arrogant riksadvokat i dette landet, dessverre. Han har ikkje gjortjobben sin. Det er min absolutte konklusjon, sa Odfjell.

Han meiner blant annaat brannstatistikken til reiarlaget Sea Escape, som hadde kjøpt ScandinavianStar frå Stena Cargo Line, var så ille at det i seg sjølv burde fåalarmklokkene til å ringje.

23.000 sider

Granskingsgruppa var fredag i kontakt med politimeisteren iOslo, og sa på pressekonferansen at dei reknar med å få eit møte med han meddet første.

Etter å ha gått igjennom 23.000 sider med politidokument,meiner dei å ha funne så store manglar i etterforskinga at ei gjenopptakingikkje er til å unngå.

- Aldri etterforska

— Vi har også tidlegare meint å kunne påvise at det var folkblant mannskapet som stod bak. Men først nå har vi hatt tilgang til allepolitidokumenta, slik at vi kan påvise at ei rekkje avgjerande spor aldri vartetterforska. Det er heilt avgjerande, seier Håkon Winterseth, brannteknikar ogein av dei sentrale i granskingsgruppa.

BT har ikkje fått kontakt med riksadvokat Tor-Aksel Busch laurdag kveld.

— Det er bestemt at Riksadvokaten ikke vil uttale seg om saken, men hvis det er noen som har nye opplysninger i saken, så er de velkomne til å ta kontakt, sier konstituert statsadvokat Anders Blix Gundersen hos Riksadvokaten til NTB.

23 ÅR ETTER BRANNEN: - Denne saka er veldig stygg. Eg tykkjer vi har ein svært, svært arrogant riksadvokat i dette landet, dessverre, seier skipsreiar Dan Odfjell.
ODD E. NERBØ