Det var ved juletider i fjor at Kjell Kaastad høyrde lyder ute i entreen i huset som ligg på Kåstad i Nordbustaddalen.

— Då eg kom ut i entreen, såg eg ein rev kikke inn vindauget. Han lurte vel på om det var nokon heime, seier Kjell Kaastad.

Det blei starten på ein noko uvanleg relasjon.

Såg på kona som malte

Sidan den dagen har reven nemleg vore på tunet til Kaastad nærmast dagleg. Kanskje er det ikkje så rart,for reven har nok skjønt at Kaastad alltid har ein matbit på lur.

— Favoritten er skiver med kvitost, men også hundematpølser går ned på høgkant. Det same gjer middagsrestar, fortel pensjonisten.

Etter kvart har reven blitt så tam at han et av handa.

— Eg har hatt gjestar på besøk her, og då sat han fire meter frå og såg på oss. Ein gong sat han ein time og såg på kona medan ho malte veggen, fortel Kaastad.

Endevendte vaskekjellar

Det er ikkje første gong folk på Tysnes opplever tamrev. I 2004 kunne bt.no fortelja historia om den modige revekvelpen som tusla inn i stova til familien Høviskeland på Økland ved Flatråker og oppførte seg som om han tilhøyrde familien.

Ifølgje Kjell Kaastad har Mikkel vore på besøk fleire stader i nabolaget den seinare tid.

— Eg veit han har herja på fleire garder. Folk har fått endevendt vaskekjellaren og katter har blitt jaga, men her hos oss er reven berre snill, seier Kaastad.

- Har du gitt reven namn?

— Nei, vi kallar han berre Mikkel, skjønt eg er ikkje sikker på at det er ein hannrev. Me trur eigentleg det er ei ho, sidan det kan sjå ut til å vera patter under buken, fortel han.

Han trur dyret kan ha blitt morlaus og dermed ikkje heilt veit korleis det skal te seg.