Art noveau er eit anna og i Europa meir brukt namn på same stilen, som er prega av naturelement, mjuke linjer og bogar som brått skifter retning. Mange vil seia at art nouveau vart skapt av arkitekten Victor Horta i 1893. Stilen kom ut frå eit ønskje om ein ny gyldig arkitektur for ei ny tid. Stilen fekk ulike former i ulike land. I Frankrike og Belgia har han eit assymetrisk og organisk uttrykk som fekk sitt høgdepunkt under verdsutstillinga i Paris i år 1900. I Tyskland, Østerrike og tildels Skottland er denne arkitekturen meir lineær og geometrisk. Her blømde art nouveau frå 1900 til 1905. Norsk jugend fekk si påverking frå Tyskland. Arkitekten Henrik Bull skapte ein dragestiljugend, det mest genuint norske jugenduttrykket. Bull teikna m.a. den gamle regjeringsbygningen i Oslo og Historisk Museum. Drakestilornamentikk kom det lite av til Bergen. Jugendhusa i Bergen er meir rettvinkla, med eit beherska uttrykk og avgrensa bruk av dekorative element. Bækken meiner stilen på teateret smitta over på andre jugendhus i byen. Ålesund vert rekna som den norske jugendbyen, fordi denne stilen kom til å prega oppattbygginga etter bybrannen der i 1904. Trondheim har også mange bygg i jugendstil. Det vart bygd lite i Bergen tidleg i det nye hundreåret, men fleire av dei husa som blei reiste fram til 1915, har meir eller mindre karakter av jugend. Mellom dei første jugendhusa som vart bygde i Bergen var Sudmanske Stiftelse i Sandviken frå 1902, teikna av Schak Bull (1858-1956). Det viktigaste jugendhuset i Bergen er Den Nationale Scene (Einar Oscar Schou 1909). Han teikna også mellom anna Kong Oscars gate 70 (1910). Egill Reimers (1878-1946) teikna Øvre Korskirkeallmenning 3 (1907) og Turnhallen i Sigurds gate 6 (1908). Daniel Muri (1879-1957) teikna Parkveien 34 og fleire villaer i Kalfarlien frå kring 1910. Jens Z. M. Kielland (1866-1926) er mann for Foreningsgaten 1 (1902). Det er også jugenddetaljar i bygget til Bergen Privatbank (no DnB) på Torgallmenningen 2, teikna av Arnesen og Darre Kaarbø (1913). Jugendarkitekturen blei ikkje den heilt nye stilen arkitektane ønskte seg. Den dekorrike stilen minna etter kvart mykje om det dei ønskte seg vekk ifrå. Dessutan blei jugendhusa dyre, dette var ikkje arkitektur for folk flest, men elitekunst som høvde best i bygg av det offisielle slaget.