Heilt politisk korrekt kjem SV-aren oss syklande i møte der vi står og ventar utanfor kafeen Kakebua i Florø sentrum. Det er tysdag føremiddag, etter valet. Heidi Grande Røys skal kjøpe avisene. Alle avisene.

I kiosken borte i gata lempar ho ein feit bunke opp på disken.

— Ja, du er jo i alle avisene, så det der berre å kjøpe, seier Narvesen-dama, smilande.

Valgskred

Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet.

Heilt sidan 1965 har dei veksla på å sende sine folk frå Sogn og Fjordane til stortinget. Ingen blåare enn Høgre har sleppt til, ingen raudare enn Arbeidarpartiet. Heilt til mandag kveld, då den Grande Røysa rasa inn på eit veritabelt valgskred.

Og vart større enn Arbeidarpartiet i heimbyen Florø, trass i konkurranse frå bysbarn og Ap-topp Reidar Sandal. Medan dei lokale Ap-koryfeane med varierande hell bortforklarte resultatet i går, kunne Heidi lene seg tilbake og berre nyte livet.

— Å bli større enn Ap her i byen, der er berre ei bombe. Eg hadde ikkje tenkt tanken eingong, seier ho.

SV tok andremandatet frå Ap, ikkje minst etter brakvalet i Florø. I denne mest folkerike kommunen i fylket sikra SV seg 22,2 prosent, mot Ap sine 21,8.

Hås røyst, lett sinn

Folk har smilt og vinka til henne på vår veg gjennom Florø sentrum mot ein kaffikopp på brygga ved Hjørnevikbua. Mobilen hennar ringer jamnt, ho svarer med hås røyst. Gratulasjonar frå vener og politikarkollegar. I natt var det valvake hjå husverten hennar i Florø, den lokale SV-veteranen Edvin Helgheim.

— Eg er heilt utlada no. Trur ikkje eg har noko meir intelligent å komme med, seier ho og strekker seg ut i solveggen.

Men ho klarer likevel ikkje å halde kjeft. Til det er engasjementet for stort.

Den 34-årige førskulelæraren vil ikkje engasjere seg tyngst i skulepolitikken.

— Der er SV best frå før, seier ho, og er meir oppteken av å sikre seg ein plass i næringskomiteen på stortinget. Der vil ho jobbe spesielt mot havbruk og fiskeri.

Ho veit kva ho går til, etter å ha tilbrakt eit drygt år som rådgjevar for SV si stortingsgruppe i førre periode. Ho er nestleiar i fylkespartiet og vara til landsstyret, og lokalt har ho brei erfaring frå bystyret i Florø.

GRATULANTAR I KØ: Ikkje eingong ein kaffikopp på brygga ved Hjørnevikbua får Heidi Grande Røys i fred dagen derpå brakvalget. På mobilen står gratulantane i kø.
FOTO: ODDLEIV APNESETH