Rikets øvste domstol meiner også at han kan representere ein fare for allierte i Afghanistan.

Dette framgår av den samrøystes dommen som vart avsagt i går. I resultat er den eit fullstendig nederlag for mulla Krekar.

Dommen får likevel ingen konkrete fylgjer for Krekar. Utvisingsvedtaket vil ikkje bli effektuert så lenge Krekar kan risikere dødsstraff eller tortur og umenneskeleg behandling om han blir sendt tilbake til Irak. Det fastslo arbeids— og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i går.

Det er lite som tyder på at det er utsikter til ei snarleg betring eller endring av situasjonen i Irak.

I rette med staten

Dommen inneheld likevel synspunkt til støtte for fleire av dei prinsippa som Krekar sin prosessfullmektig, advokat Harald Stabell, framførde for retten.

Høgsterett går på fleire punkt sterkt imot både tingretten og lagmannsretten sine vurderingar.

Det aller viktigaste gjeld sjølve prøvingsretten: at domstolane kan overprøve forvaltninga sitt skjøn også i saker som gjeld rikets tryggleik.

Vurderingane og standpunktet til Høgsterett går her også direkte imot staten sin argumentasjon for Høgsterett. Staten hevda at domstolane ikkje kan prøve lovbruken. Det går Høgsterett direkte imot.

Svært nøgd

På dette grunnlaget seier advokat Harald Stabell at han er veldig tilfreds med avgjerda til Høgsterett.

— Det betyr ei klar endring av dagens praksis når det gjeld innskrenkinga av domstolane sin prøvingsrett av forvaltningsvedtak. Høgsterett utvidar prøvingsretten. Dette må få konsekvensar for forvaltninga, seier Stabell.

Minst like nøgd er han med at Høgsterett kjem med eit klart innspel når det gjeld krav om endringar i dagens norske regelverk for å innfri dei rettstryggleiksgarantiane som er nedfelt i menneskerettskonvensjonen.

— Når det gjeld resultatet, tek eg det til etterretning, seier Stabell.

«Sin eigen fiende»

Høgsterett seier rett ut at dersom det i ei utvisingssak er slik at dei vesentlege opplysningane blir haldne hemmeleg av omsyn til rikets tryggleik, er det ikkje utan vidare innlysande at det norske regelverket innfrir krava til rettstryggleik i menneskerettskonvensjonen.

Når det gjeld sjølve utvisingsvedtaket mot Krekar meiner Høgsterett at han gjennom skrift og tale sjølv har presentert eit materiale som gjev grunnlag for å stemple han som ein fare for rikets tryggleik. Bevismaterialet frå dei opne kjeldene gjev godt nok grunnlag for å kunne slå fast at Krekar er ein fare for rikets tryggleik, meiner retten.

Høgsterett er samd med Utlendingsnemnda i at det er dekning for å seie at organisasjonen Krekar stifta og har leia, Ansar al-Islam, og Krekar sjølv har samband med Al Qaida-nettverket.

Menneskerettsdomstolen

Førstevoterande seier at det er «avgjort tilstrekkelige holdepunkter for å anta at Faraj (Krekar) representerer en risiko for rikets sikkerhet ved å kunne trekke terrorvirksomhet mot Norge, og ved selv eller gjennom andre, å kunne knyttes til slik virksomhet her til landet, eksempelvis i form av finansiering.»

Høgsterett meiner at bevismaterialet mot han er blitt styrkt etter at vedtaket i Utlendingsnemnda vart fatta i mai 2005.

Sjølv om siste ord er sagt i det norske rettsapparatet, kan det vere ein opning for å prøve saka for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

TAPTE: Mulla Krekar forlet Høgsterett etter å ha tapt saka mot staten. FOTO: TERJE BENDIKSBY, SCANPIX
Terje Bendiksby / SCANPIX