Det er ein av hovudårsakene til at Arbeiderpartiet for første gong i historia vil danne regjering saman med andre parti:

Striden om den nye arbeidsmiljølova (private bedrifter), og endringar i tenestemannslova (offentleg sektor) provoserte LO og resten av fagrørsla kraftig. Dei bestemte seg for å skape ei fleirtalsregjering som kunne sende Bondevik, Høgre og Frp ut i fire års mørke.

Få om nokon saker skil dei to regjeringsalternativa tydelegare. Her er hovudpunkta til dei to alternativa:

Bondevik-regjeringa (H, KrF, V)

Politikken er nedfelt i den nye arbeidsmiljølova, som vart vedteken i Stortinget 6. juni og som trer i kraft ved årsskiftet (sjå internett-link i faktaboks). Her er dei mest kontroversielle punkta:

Hovudmål:

1. Å gjere norsk næringsliv meir konkurransedyktig, ved at dei lettare kan bemanne opp og ned etter behov.

2. Å gjere det lettare å få seg ein jobb, ved at det blir lettare å tilsette folk i midlertidige stillingar. Det kan bli eit springbrett til fast jobb.

Konkrete tiltak:

  • Generelt høve til mellombels tilsettingar i seks månader, med mogleg forlenging på nye seks månader.
  • Høve til mellombels tilsetjing for å utføre eit bestemt oppdrag.
  • Høve til å krevje at folk jobbar opp til 13 timars arbeidsdag utan overtidsbetaling.
  • Høve til å redusere definisjonen av nattarbeid (og dermed ekstra betaling og arbeidstid) med ein time.

n Ved arbeidskonflikt mister arbeidstakar retten til å stå i jobben etter dom i første rettsinstans. I dag kan du stå i jobben til saka er anka ferdig, noko som kan bety fleire år.

  • I tillegg har regjeringa fremja forslag om å svekke stillingsvernet i offentleg sektor (tenestemannslova).

Dei raudgrøne (Ap, SV, Sp)

Politikken er nedfelt i 155 punkt som skal danne grunnlaget for ei eventuell raudgrøn regjering.

Hovudmål:

1. Omgjere Bondevik-regjeringas liberalisering av reglane for arbeidstid, tilsetjing og oppseiing i arbeidsmiljølova og tenestemannslova.

2. Hjelpe næringslivet ved støttetiltak for nyetablerte bedrifter, auka bruk av såkornfond, forskingssamarbeid og skattelette for forsking.

3. Auke satsinga på tiltaksplassar, praksisplassar i offentleg sektor og anna som kan få arbeidslause inn i arbeid.

Konkrete tiltak:

  • Vil stoppe auka høve til mellombels tilsetjing i private bedrifter (arbeidsmiljølova) og universitets— og høgskulesektoren (tenestemannslova).
  • Vil stoppe endringane i retten til å stå i stilling ved arbeidskonflikt, 13-timars dag og kortare natt.
  • Vil gjeninnføre meir generøse overtidsreglar, som regjeringa endra i 2003. * Auke statleg støtta til næringsutvikling gjennom Innovasjon Noreg, SIVA og regionale utviklingsmidlar.
  • I tillegg vil dei skape nye arbeidsplassar gjennom meir aktiv distriktspolitikk, forsking og såkornfond, for å nemne noko.