Av Hilde Sandvik

I fjor vart sju menneske skotne med heimevernsvåpen. For halv-annan månad sidan drap ein far familien og seg sjølv i Sveio. Også her var skytevåpen involvert.

Det er rundt 1,6 millionar registrerte våpen i Noreg. Og misbruket aukar. Talet på inndregne våpen har auka drastisk frå 992 våpen i 1995 til 1774 i 2002, ifølgje Kripos.

Skytesporten stor i Noreg

Styresmaktene tek signala på alvor. Berre sidan 1998 er våpenlova innskjerpa to gonger. I 2001 kom påbodet om våpenskap. Eit resultat er at tjuveri av våpen har gått ned med ein tredjedel sidan 1993. I år måtte heimevernsfolket levera inn tennstempelet til AG3-geværa. Samstundes arbeider Politidirektoratet på spreng med eit landsomfattande våpenregister.

Men det er også tusenvis av våpeneigarar i landet som er engstelege for at det dei meiner er ein sunn våpenkultur er truga av reglar og innskjerpingar. Det er berre ein idrett som er større enn skytesporten i Noreg — fotball.

Grisejegeren

— Då eg var åtte-ti år hadde eg og ein kamerat avtale med ein bonde i nabolaget, seier Bernhard Kvale.

— Den som først mjølka kyrne til bonden om morgonen fekk skyta eit skot med hagla. Eg kunne koma opp der i fem-tida og kompisen låg og sov i høyet, he-he-he.

— Rimeleg arbeidskraft, med andre ord?

— Han såg stort på det, let oss køyra traktor og heldt oss med ti patroner og ein blå Stratos kvar laurdag. Det var topp for oss, veit du, topp å skyta. Sidan var det fascinasjonen av at eg trefte blink som førte meg inn i skyttarlagsmiljøa.

Kvale er ein av dei som har skote i mange verdsdelar: Han vart UNIFIL-meister i pistolskyting i Libanon. Han har delteke under NATO-meisterskap i Edinburgh, og han har vore i Afrika på safari. Han har ikkje skote på Hemingways «big five» - løve, leopard, elefant, nashorn eller bøffel. Det har han ikkje hatt råd til.

— Eg er grisejeger, gliser han.

— Villsvin og vortesvin.

Skaut katt

Den tidlegare tilsette i Forsvaret meiner det er ein fordel med stor våpentettleik i eit lite land.

— Sjå kven det var som mobiliserte under krigen, om ikkje skyttarlaga, seier han.

— Grunnen til at det har auka på med drap finn du i forråinga av valdsbiletet, fokuset i media. Vi må ta betra vare på kvarandre. Eg er ikkje bekymra for dei miljøa som driv med jakt og fiske. For slike som meg er våpenet eit verktøy, ein hobby og lidenskap. Det er feil at det er slike som oss restriksjonane skal gå ut over.

— Kva meiner du bør gjerast?

— Det er politiet si plikt å plukka våpen frå folk som ikkje burde ha det. Den terskelen er for høg.

Då Kvale skal fotograferast, trekkjer han opp ein Colt 1873, kaliber 45 - og ei røvarhistorie.

— Eg køyrde svart motorsykkel. Hadde svart hjelm og svart dress den gongen, byrjar han.

— Eg var på veg frå eit skyttarstemne i Bergen. På ferja vart eg merksam på ei fin dame i ein raud Mazda 323. Eg kom til å køyra bak henne på land. Brått køyrde ho av vegen. Eg stoppa sjølvsagt, som den gentleman eg er. Ho hadde køyrd på ein katt. Utan å tenkja meg om, trakk eg Colten og fyrte av eit skot. Eg hadde ikkje før løfta katten opp for å bera han bort, då ho smelte bildøra igjen og spant ut på vegen. Eg nådde henne aldri igjen. Eg rakk aldri å seia at eg hadde lov til å ha eit slikt våpen med meg.

HADDE LOV: - Eg skremde sikkert livet av ei dame med ein revolver som dette her, seier Bernhard Kvale frå Haugesund. - Eg fekk aldri fortalt henne at eg hadde lov til å ha med meg våpen. <p/>Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen