Dette skjedde hausten 1993 då Gro Harlem Brundtland var statsminister og Jagland var partileiar og parlamentarisk leiar i Ap.

BT har konfrontert Jagland med striden om oppnemninga av det som vart Lund-kommisjonen, etter at mange har reagert på utsegner frå Jagland dei siste dagane. Han blir oppfatta som å ville ta mykje av æra for oppnemninga av Lund-kommisjonen.

— Ei forferdeleg sak for meg

Regjeringa ville sjølv ha ansvaret for granskinga som alle partia på Stortinget ville ha.

  • Det var beinhard motstand både i regjeringa og i stortingsgruppa mot at Stortinget skulle få ansvaret for denne granskinga, men eg innsåg at granskinga ville kome og at fleirtalet på Stortinget ville ha ei slik gransking i regi av Stortinget, seier Jagland.
  • Eg drøfta situasjonen med Yngve Hågensen. Vi var samde og saman gjekk vi til stortingsgruppa. Det skjedde bak ryggen på Gro. Eg tok ein stor sjanse då eg gjorde det, og det vart ei forferdeleg sak for meg. Eg opplevde «eit helvete» etterpå, og det varte ved, seier Jagland.
  • Endå verre vart reaksjonane då eg gjorde framlegg om at SV-aren Berge Furre skulle bli medlem i granskingskommisjonen, seier Jagland.

Hågensen stadfestar

Tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen stadfestar at han saman med Jagland tok denne saka opp i stortingsgruppa.

  • Eg hadde press på meg frå sekretariatet i LO om å få alle kort på bordet og få gjennomførd ei uavhengig gransking som ingen etterpå kunne stille spørsmål ved. Då var det viktig at Stortinget sto bak oppnemninga, seier Hågensen.

Hågensen seier at han ikkje hugsar reaksjonane i stortingsgruppa, men gruppa slutta seg til framlegget.

Hågensen var den gongen også medlem av sentralstyret i Ap men seier at han ikkje kan minnast at saka vart drøfta der før han og Jagland gjekk til møtet i stortingsgruppa.

Hågensen seier at han ikkje har kjennskap til reaksjonar mot Jagland i etterkant av dette initiativet.

Gro avslår

BT har freista å få Gro Harlem Brundtland i tale om denne saka. Men via pressekontakten sin, Jon Mørland, uttalar ho at ho ikkje ynskjer å uttale seg.

Det vil heller ikkje statsråd Dag Terje Andersen. Han var partisekretær i Ap på denne tida.

Martin Kolberg, som var leiar for stortingssekretariatet i Ap i denne perioden, seier at han hugsar det var ein prinsipiell diskusjon i Ap om Stortinget eller regjeringa skulle oppnemne kommisjonen.

  • Etter ein viss diskusjon vart vi samde om at Stortinget skulle stå for oppnemninga, men eg kan ikkje minnast at det var ein slik dramatikk som det Jagland nå skildrar.

Heller ikkje statsminister Jens Stoltenberg, som var statsråd og nestleiar i partiet, seier at han ikkje hugsar eller har kjennskap til dette.

HÅVARD BJELLAND