Effektivt, meiner norske fagfolk

For utvalde pasientar kan Lightning process vere ein svært effektiv metode, meiner fleire norske fagfolk.

Les også:

Ein av dei er psykiater Bjarte Stubhaug, som tok doktorgraden på kronisk utmattingssyndrom i vår. Han har sjølv vore til stades som observatør på eit LP-kurs, og hatt kontakt med eit titals personar som har prøvd teknikken.

- Berre ein var direkte misfornøgd etterpå. Teknikken er effektiv for ei utvald gruppe. Pasientar lærer seg teknikkar som dempar stressreaksjonar i kroppen, ikkje ulikt metodar som blir brukt blant anna i idrettspsykologien og kognitiv terapi, forklarar Stubhaug.

Parker som Jesus
Deltakarane på LP-kurs er nøye selekterte. Berre dei som trur at LP kan vere løysinga for dei, og som er motiverte for å prøve, får plass. Stubhaug meiner at dette er ei viktig årsak til at mange deltakarar kjem heim med positive historier.

- Ein del rapporterer om ein nærmast mirakuløs effekt. Det er som om Jesus har gjenoppstått i Phil Parkers skikkelse. Meir sannsynleg er det at desse personane har vore svært positive til å prøve, og det forsterkar behandlingseffekten, seier Stubhaug.

- Motebehandling
Stubhaug seier at på same måte som CFS/ME på mange måtar er ein mystisk sjukdom, har også LP-metoden fått eit mystisk skjer over seg. Han synest at LP har preg av å vere ei motebehandling, som skal kunne lækje alt og alle.

- Slike motebehandlingar har tendens til å bli avløyste av andre. Dette er ikkje ei ny behandling, men kjende behandlingsprinsipp i ny kombinasjon - på same måte som ME ikkje er ein ny sjukdom, men eit nytt namn på ein gammal sjukdom, seier Stubhaug.

Også psykologspesialist ved St. Olavs hospital, Ketil Jakobsen, understrekar at LP byggjer på anerkjende, psykologiske teknikkar.

- Ein del pasientar med ME har tydelegvis veldig godt utbyte av treningsprogrammet, seier Jakobsen.

Også han trur ei forklaring på suksessen er at deltakarane på LP-kurs er svært motiverte. Men også strukturen og intensiteten til kursmodellen er viktig.

- Det geniale er at kursdeltakarane jobbar intensivt over tre dagar, til forskjell frå annan psykologisk behandling, som ofte er ein time i veka, eller kvar fjortande dag, seier Jakobsen.

Les også

Siste fra Innenriks

Rommet var vaska
før politiet slapp til

To krimteknikarar frå Haugesund har finkjemma eit hotellrom i tredje etasje på Ryfylke Fjordhotell på Sand på jakt etter spor i samband med valdtektsiktinga av Helge Solum Larsen.

- Falt trolig fra 35 meters høyde

Tre personer er alvorlig skadd etter å ha falt ned fra en lift ved Kværner Verdal i Nord-Trøndelag.

Bistandsadvokat: - Hun har det tøft

17-åringens bistandsadvokat Berit Johannessen opplyser at klienten har det vanskelig.

Tilbakekaller Norturas finnbiff

Selskapet frykter at en sylskarp 2 centimeter lang knivbit, tynn som en skalpell, har funnet veien til en av pakkene.

- Politiet har gjort beslag i Solum Larsen-saken

Politiet i Haugesund orienterte om status i etterforskningen i voldtektsaken mot Helge Solum Larsen på en pressekonferanse om kl. 11 onsdag formiddag.

Vennen ble overfalt - så kom to trusselbrev

«Takk for sist», skriver Antifascistisk Aksjon til gravid kvinne.

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger