OGNE ØYEHAUG

Ein lang periode med nye handelshindringar for den kriseråka oppdrettsnæringa kan bli innført raskt.

— Dersom medlemene seier ja, blir det innført like over nyttår, seier Noreg sin EU-ambassadør, Bjørn T. Grydeland.

Slik Bergens Tidende si nettavis, bt.no, melde tysdag, har EU droppa planane om å innføre ein minstepris på norsk laks. Årsaka er sterk motstand frå EU sin eigen fiskeindustri, der norsk laks gir tusenvis av arbeidsplassar. Men kommisjonen vil framleis bruke kvotar for å regulere veksten i lakseimporten frå norske oppdrettsanlegg.

Grydeland stadfestar at dette er framlegget EU-medlemmene no har fått til vurdering.

Straffetoll

Dagleg leiar Peter Willadsen i Danmarks Fiskeindustri- og Eksportforening sa i går til Bergens Tidende at den eventuelle importkvoten vert rekna ut frå gjennomsnittet dei tre siste år, pluss eit tillegg på 10 prosent. All eksport ut over kvoten får ein straffetoll på 17,8 prosent. Ein slik reknemåte vil raskt føre til at norske oppdrettarar i beste fall berre får ein liten eksportauke neste år før straffetollen vert utløyst.

Grydeland seier at EU etter sitt eige regelverk einsidig kan innføre slike tiltak når organisasjonen meiner eigen industri - i dette tilfelle skotske og irske oppdrettarar - er truga av konkurranse utanfrå.

Møte i november

Slike tiltak kan gjelde i inntil fire år. EU vedtok i sommar ein importkvote frå Noreg, ei mellombels ordning som varer til 6. februar neste år. 10. november møtes den såkalla «safeguardkomiteen» som skal behandle framlegget til reguleringar.

Noreg har heile tida argumentert med at det ikkje er grunnlag for handelshindringar og at slike er til skade, samstundes som diplomatiet prøver å overtale EU til at eventuelle handelshindringar skal bli mildast råd. Det arbeidet vil halde fram

— Vi vil heile tida, fram til handsaminga i safeguardkomiteen, halde fram dialogen med kommisjonen og medlemslanda, seier Grydeland.