Det ferske vedtaket i EU-kommisjonen betyr at Noreg blir bedt om å fjerne den internasjonale godkjenninga av redningsvesten Regatta Thermo Cruise. Utan slik godkjenning — det internasjonale rattmerket - vil vesten vere bannlyst på passasjerskip og -ferjer i Europa, og det blir heller ikkje lov å selje modellen på EU-marknaden.

Den nye, isolerande redningsvesten frå Regatta i Ålesund fekk praktisk tala monopol i Noreg etter Sleipner-ulykka, då Sjøfartsdirektoratet innførte heilt nye krav på norske passasjerskip og -ferjer. I tillegg til å oppfylle internasjonale standardkrav, skulle vestane heretter også isolere mot kulde. Krava var så spesielle at berre den nye Regatta-vesten og ei kombiløysing med redningsdrakt pluss tradisjonell redningsvest oppfylte dei.

Flyt for tungt

Den storstilte utskiftinga skulle vere gjennomført i april i år.

Norske reiarlag investerte i nye Regatta-vestar for fleire titals millionar kroner.

Problema melde seg i fjor haust, då engelske styresmakter gjennomførte sine eigne testar av modellen. Dei konkluderte med at produktet var direkte farleg for liv og helse til passasjerane, fordi vesten flaut for tungt i vatnet og var for dårleg til å snu livlause personar over på ryggen. Storbritannia innførte forbud mot vesten, og fekk følgje av Danmark.

Både Sjøfartsdirektoratet, Regatta AS og Det Norske Veritas, som har typegodkjent vesten, protesterte. Dei avviste at han var i strid med internasjonale minstekrav, og saka vart sendt inn til Europakommisjonen.

— Vi grip ikkje inn før det eventuelt kjem eit påbud om det frå EU-kommisjonen, sa fungerande avdelingsdirektør Karstein Thingvold i Sjøfartsdirektoratet i fjor haust. Sjøfartsdirektør Rune Theisrud gjekk hardt ut:

— Dei termiske vestane er trygge, og dei beste som finst for bruk i norske farvatn, sa Theisrud.

Kan ikkje overprøvast i Noreg

Men skråsikre nordmenn fekk ikkje gehør i EU-kommisjonen: Kommisjonen har vurdert dei framlagte testrapportane både frå Noreg og England og gått inn i argumentasjonen til dei to partane.

Konklusjonen er klar: Storbritannias avgjerd om å svarteliste vesten var på sin plass. Kommisjonen ber i eit brev BT har fått tilgang til om at Noreg «tek dei nødvendige steg» i forhold til produsenten, Regatta i Ålesund. Brevet er signert direktør Fotis Karamitsos i generaldirektoratet for energi og transport.

I praksis betyr avgjerda at EU krev at den internasjonale godkjenninga av vesten blir trekt attende og at vesten blir fjerna frå alle europeiske skip.

— Dette er eit pålegg til norske styresmakter om å fjerne EU-godkjenninga, seier Finn Arnesen, professor i Europa-rett og advokat hos Thommessen Krefting Greve Lund.

Same tolkinga har jusprofessor Kai Krüger ved Universitetet i Bergen.

— Det som gjer saka alvorleg, er at kommisjonen slår fast at vesten ikkje oppfyller krava. Avgjerda byggjer på eit direktiv som er ein del av norsk rett gjennom EØS-avtalen. Norske styresmakter eller domstolar kan difor ikkje overprøve henne, dersom dette ender opp i ein tvist mellom EU-kommisjonen og Noreg, seier Krüger.

STRYK: Redningsvestane som blant andre matros Kurt Idar Igland (biletet) har om bord på «Fjordprins» vert dømt nord og ned av EU-kommisjonen.
Foto: Rune Sævig