EU har ein minstepris på norsk laks for å verne lakseoppdrett i Skottland mot konkurransen frå Noreg. Mellombelse handelshinder vart innført i 2005. Frå og med 2006 vart minsteprisordninga innført, ei ordning som etter planen skal vare ut 2010. Hittil har lakseprisen vore så høg at oppdrettaren ikkje har hat noko vanskar med minsteprisen. Men skulle prisane falle risikerer oppdrettaren toll om laksen blir for billeg.

Fiskeriminister Helga Pedersen seier EU varsla Noreg i påskeveka om at minsteprisordninga skal revurderast.

Konsernsjef Ole-Eirik Lerøy i Lerøy Seafood Group trur EU si revurdering vil ende med at minsteprisordning blir oppheva fordi granskinga vil vise at norske oppdrettarar ikkje sel laksen billegare enn kva den kostar å produsere, slik skotsk oppdrettsnæring har skulda nordmennene for å gjere. Til det tenar norsk oppdrettsnæring for godt.

— Det kan vanskeleg dokumenterast dumping i den perioden vi har bak oss, seier Lerøy.

Noreg har klaga EU sin minsteprisordning inn for WTO (Verdas handelsorganisasjon). WTO sin konklusjon blir klar i juli. Helga Pedersen meiner ein siger for Noreg vil ha innverknad på korleis EU i framtida vil handtere eventuelle dumpingklager på norsk laks. Difor vil ho ikkje trekkje klage attende, sjølv om EU på eiga hand kan kome til å oppheve minsteprisordninga.

— No må vi ha is i magen og stå løpet ut, seier Pedersen.