Etter planen skulle Ministerrådet i EU oppheve den forhatte minsteprisavtalen førstkomande mandag, over eit halvt år etter at avtalen frå 1997 opphavleg skulle falle bort.

Men dei siste signala frå Brussel er at avtalen, som vart innført for å hindre at skotske og irske oppdrettarar vart utkonkurrerte av billeg norsk oppdrettslaks, vert ståande enno ei veke. Ein av grunnane til den siste utsetjinga er at EU vil ha bort den særnorsk eksportavgifta på 2,25 prosent av eksportverdien på all laks som vert eksportert til EU.

På hovudet

Med det siste utspelet frå EU er forhandlingane om minsteprisavtalen snudd fullstendig på hovudet. Den ekstra eksportavgifta vart innført nettopp som ein del av minsteprisavtalen for å finansiere generell marknadsføring av laks, marknadsføring som også skottar og irar kunne nyte godt av. Med dagens lakseprisar utgjer den ekstra eksportavgifta rundt 180 millionar kroner.

Noreg vil vidareføre avgifta inntil vidare sjølv om minsteprisavtalen fell bort.

Men no har dansk fiskeindustri klaga over at avgifta fordyrar norsk laks for EU-industrien, medan foredlingsbedrifter i Polen slepp denne ekstrakostnaden. Og EU har høyrt på danskane.

— EU har peikt på at dansk fiskeindustri har teke opp spørsmålet om ulik handsaming av dansk og polsk industri. Dei ønskjer å høyre kva som er våre synspunkt på det, seier EU-ambassadør Bjørn Grydeland.

I fylgje Grydeland har Noreg enno ikkje svart på spørsmålet.

Usikker situasjon

Lakseeksportørane er usikre på kva som skjer når minsteprisavtalen blir fjerna. Bergens Tidende har snakka med dei største frittståande lakseeksportørane, som er varsame med bombastiske spådomar.

Men eitt fellestrekk går igjen: Dei tradisjonelt dominerande eksportørane trur dei vil gjenvinne sin dominerande posisjon. Etter nokre månader kan det - kanskje - vere med på å stabilisere og løfte prisane til eit nivå der storparten av oppdrettarane kan tene pengar.

På heilt kort sikt kan fjerning av minsteprisen føre til prisfall, fordi mykje laks blir pøst ut i marknaden.

Utestengt

Etter at prisen på laks i 2001 fall under minsteprisen – på cirka 25 kroner per kilo – har norske eksportbedrifter slite med å selje laks til EU-marknaden.

— Vi sit med eit heilt salskorps som i dag ikkje har lov å utøve yrket sitt mot EU, seier dagleg leiar Sverre Søraa i Coast Seafood i Måløy. Så lenge minsteprisen har vore eit problem har eksportørane i staden auka innsatsen mot Aust-Europa og Asia. Handelen mot EU-marknaden er overleten til røykeri-industrien og til innkjøpskontor for utanlandske selskap, som i praksis ikkje har vore råka av minsteprisavtalen.

I dag er det vanskeleg å få seld unna all fisken.

— Det er ein ubalanse mellom tilbod og etterspørsel, seier marknadsansvarleg Ragnar Kalland i Aalesundfisk.

Det vil endre seg når minsteprisen fell bort.