ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no — Det var neppe samsvar mellom kostnad og nytte då norske slakteri vart underkasta EU-reglar, seier direktør Rolf Aas i Kjøttbransjens Landsforbund til Bergens Tidende.- På Kontinentet var dei skjerpa hygienekrava høgst påkravde. Men her i landet var smittefåren låg, anlegga små og avstandane store nok frå før, seier Aas. Han plasserer ansvaret på politikarane som hadde med EØS-forhandlingane å gjera.Noreg greidde å halda det meste av landbrukspolitikken utanom, men aksepterte mesteparten av EU sin veterinæravtale då EØS-avtalen vart inngått. Resten vart innført mot slutten av 80-talet. For å kunne halda fram med slakting måtte slakteria investera store beløp i nybygg og ombygging av eksisterande anlegg. Kostnadane auka medan slaktemengd og omsetning stod stille.- Resultatet har vore fusjonar og nedleggingar slik at dyretransporten har vorte lengre og lengre, med auka fåre for å dra med seg sjukdomssmitte over store område, seier Aas.Rådgjevar Marit Birkelid i Landbruksdepartementet har ikkje merknader til sentraliseringa så lenge transporten haldar fristane. Innan åtte timar skal dyra vera på slakteriet, noko lengre for fjærkre.