For fire år sidan kjøpte ein av våre lesarar seg ny datamaskin. Til maskina kjøpte han ein best-i-test blekkskrivar, ein Lexmark Jetprinter 7000. Billig var han òg, tykte vår mann: 995,— kroner, og det for ein skrivar som til og med kunne lage fotoutskrifter.

Dyre fargar

Etter eit år eller noko slikt var det tomt for fargar på skrivaren, og då kom tida for overraskingar. Det viste seg at fargepatronen kosta nesten halvparten av det sjølve skrivaren kosta. Nyleg var vår lesar på nytt tom for fargar. På Beyer ARK bokhandel hadde dei vara, men patronen av typen 12A1980 kostar no 550 kroner.

Svart som f....

Dei to fargepatronene åleine kostar med andre ord meir enn skrivaren. Men ikkje nok med det. Svart-kvitt patronen kjem i tillegg. Denne har vår ven skifta tre gongar, og prisen no er 425 kroner. Til saman har han brukt om lag 2.500 kroner på blekk til skrivaren på fire år.

Vår ven kjenner seg lurt. Ingen fortalde han at han skulle betale så dyrt for den billige skrivaren. Det er likevel ein kjent forretningsmodell å selje ei vare rimeleg, som kunden må betale dyrt for over tid gjennom bruksdelar og service. Både bilkjøparar og bedrifter som kjøper datautstyr kan bli offer for ein slik forretningsmodell.

Det har ikkje blitt betre

Går du på Elkjøp, får du i dag ein blekkskrivar (Lexmark Z23) til 400 kroner. Ei fargepatron til denne skrivaren kostar 425 kroner. Du kan med andre ord like godt kjøpe ein heilt ny skrivar. Den einaste haken her er at dei patronene som blir levert med skrivarane som regel ikkje inneheld på langt nær så mykje blekk som ei vanleg patron.

Lærdomen er med andre ord: Kjøpsprisen er ikkje alltid heile prisen.