Han seier til NTB at overgangen frå fossilt brensel (olje, gass og kol) til nye, fornybare energikjelder som vindkraft, bølgjekraft og biobrensel går altfor seint. Derfor bør elavgifta aukast frå 10 til 20 øre per kilowattime, slik at Noreg kjem på nivå med Sverige.

Større straumrekning

Auka elavgift vil gi større straumrekning for kvar enkelt av oss, men det toler vi, meiner Haltbrekken. Han meiner at ei dobling av elavgifta vil koste kvar enkelt av oss 5-6 kroner dagen.

Dermed blir det meir pengar til forsking og investering i fornybar energi. Auka elavgift vil også heve straumprisen, noko som er nødvendig dersom vindkraft skal bli lønsamt. Auka straumpris bidreg også til sparing.

Noreg satsar lite på miljøstrøm

Haltbrekken er ikkje nøgd med Noregs innsats i arbeidet for ein raskare overgang frå klimaøydeleggjande, fossilt brensel til miljøvennleg energi. Enova satsa 700 millionar kroner i ulike støttetiltak i fjor.

Haltbrekken meiner dette er for lite. Han peikar på Sverige, Danmark og England, som satsar mykje meir enn Noreg på denne sektoren.

– Enova har vore ein bra reiskap, og eg er glad for at dei får meir pengar til disposisjon neste år. I tillegg til auka satsing på fornybar energi må satsinga på energisparing og energiøkonomisering bli endå større, seier Haltbrekken.