— Vi respekterer og forstår at sokkelarbeidarar ønskjer å få sova åleine. Men vi føreheld oss til at styresmaktene aksepterer to personar på same lugar i definerte, korte periodar. Ein har altså ikkje innført eit absolutt forbod, men vil innskjerpa praksis, slik at operatøren skal planleggja for å unngå samsoving, har Per Otto Selnes, viseadministrerande direktør i OLF uttalt.

Samsoving tyder i oljeterminologien at to tilsette søv i kvar si seng i same rom samstundes. Det blir ifølgje OLF urimeleg dyrt å byggja om gamle installasjonar slik at samsoving aldri skjer. Ei streng handheving av retningslinene kan føra til at nokre felt avgår ein for tidleg død fordi kostnadene blir for høge og lønsemda for låg, meiner OLF.

Øyvind Lauridsen, sjefingeniør i Oljedirektoratet, rår operatørane til å tilpassa aktiviteten offshore til lugarkapasiteten. I krevjande arbeidssituasjonar kan samsoving utgjera tryggingsrisikoar, fordi menneske har ulike søvnrytmar, påpeikar Lauridsen.