Dei som får dyrare togreise er alle stamkundane med kundekort, og som held seg til grøne ruter for å få maksimal rabatt. I ruteheftet er alle lokaltog mellom Bergen og Myrdal forsynt med grøn prikk. Dessutan har dei mest trafikkveike Oslo-toga slik markering for maksimal rabatt, 40 prosent.

Frå 12. juni vert denne rabatten redusert til 30 prosent. Dermed stig reell billettpris med 16-17 prosent.

— Men no blir det 30 prosent på alle reiser, også dei som før berre hadde ti prosent, understrekar Svein Ringstad i NSB overfor Bergens Tidende.

Dermed blir det billegare for korthaldarar å reisa med dei populære hovudtoga på Bergensbanen.

Fornying av kundekortet for eitt år kostar for tida 340 kroner, ein del rimelegare for medlemer av Røde Kors og nokre andre organisasjonar. I dag gir kundekortet 40 prosent rabatt på grøne ruter, og berre ti prosent på dei andre. Då kundekortet vart innført, kvalifiserte det til halv pris på torgreisene. Ordninga gjeld ikkje lokaltrafikken i Oslo og Akershus, som har eigne takstar.

Poenget med innføring av grøne ruter var å styra trafikken frå fullstappa tog til tog der det er god plass. Denne styringa gir NSB no slepp på.

— Vi fokuserer på å gjera ting enklare for kunden, grunngir Svein Ringstad, NSB sin samfunnskontakt for persontog.

Han slår gjerne eit slag for minipris-billetten som gjer lengre togreiser enda billegare for dei som bestiller tidleg. Dette er ei vidareføring av jubileumsbilletten i fjor. Då feira norsk jernbane 150 år, og selde billettar for 150 kroner. I år er prisen 199 kroner for dei som kjem aller først til mølla. 299 for dei som er litt tregare. Men når alle billegbillettane på den aktuelle avgangen er utselde, er det berre billettar til normalpris att. Om ein ikkje har skaffa seg eit kundekort.

— No kan ein også «kjøpa seg opp» til betre komfort etter påstiging, fortel Ringstad.

Har du skaffa deg ein billett til 199 kroner kan du for 75 tilleggskroner få plass i konferansekupeen saman med passasjerar som har kjøpt dyr billett.