Tilskotet blei innført for at bensin og diesel skal seljast for tilnærma lik pris over heile landet. Stoltenberg-regjeringa kutta den årlege støtta til 60 millionar. No vil Bondevik-regjeringa ta resten.

Får regjeringa stortingsfleirtalet med seg, betyr det høgare transportutgifter til utkantane.

— Dette vil heilt klart få innverknad på matvareprisane, seier konserndirektør Per Roskifte i Norgesgruppen til Nationen.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har reagert kraftig på forslaget frå Bondevik-regjeringa.

— Forbrukarar og folk flest får ein dyrare kvardag. Det blir dyrare å leve, arbeide og bu i distrikta, seier Per Ytrehus, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane.

Dårleg vegstandard, dyre ferjer og kostbare bompengesamband gjer at næringslivet på Vestlandet har 20 prosent høgare utgifter til transport enn landsgjennomsnittet.

— Dette betyr høgare sluttpris på produkta og eit mindre konkurransedyktig næringsliv, understrekar Ytrehus.

Enkelte særtilskot for frakt av frukt, grønsaker og melk i Nord-Norge vil også bli fjerna.