ARNE HOFSETH

Likevel har ikkje ski— og snøbrettentusiastar tatt skrekken. Et par gode snøvintrar har fått folket ut på ski, også på Vestlandet.

For tre år sidan hadde norske skisenter rundt fire millionar besøk i løpet av ein sesong. Vi la att 550 millionar kroner. Når tala for 2003 er klare, vil beløpet tvillaust ha passert 600 millionar kroner.

Same leisten

Heiseselskapa har kikka kvarandre såpass i korta at dei i stor grad har same tilboda. Dermed blir det lettare for forbrukaren å samanlikna prisane.

Litt verre er det å samanlikna mengde og kvalitet.

På Voss og i Eikedalen er heiskorta dyre, men her får du mykje for pengane. Spørsmålet er om du har bruk for heile pakka med heiser og løyper og alle slags tilbod til ulik vanskegrad. Enkelte har nok med ein heis og ei løype, medan andre vil ha utfordringar og synest det er dønn keisamt å dura på i same løypa heile dagen. Difor er talet på heisar og løyper viktig for mange.

Mange variantar

I vår prisoppstilling har vi konsentrert oss om dagskort og sesongkort. Dessutan har vi teke med prisen for eit to-dagarskort for å visa storleiken på eventuelle rabattar for den som vil på ski fleire dagar i strekk. Det finst eigne rabattar for fleirdagskort der ein fritt kan velja dagar i løpet av sesongen.

Dei siste åra har stadig fleire skisenter tilbode heiskort for mindre enn ein heil dag. Det finst kort for føremiddag og for ettermiddag, ja heilt ned til ein time på ski.

Kveldskøyring i flomlys med eige kort er løysinga for den som ikkje har tid til ski og brett på dagtid.

Eikedalen, Voss og Geilo lokkar bergensarar til fjells med skibillettar som også inkluderer transport (buss og tog) heilt fram til alpinbakken, og heim att. Tillegget til prisen for eit heiskort er beskjeden, og ordninga svært attraktiv for den som ikkje har funne sesongkortet lønsamt.

Treng seks gode helger

Dei fleste sesongkorta tilsvarar 11-12 dagskort. Du må med andre ord ut på ski i 12 dagar for å «tena inn att» eit sesongkort. Difor gjeld det å stå klar dei seks helgene med finaste vêret i løpet av sesongen.

Dei aller fleste skisentra tilbyr gratis heiskort for alle under 7 år. Einaste kravet er at dei brukar hjelm. Vaksenpris må betalast frå 16 år. Berre eit par skisenter opererer med aldersgrense på ti år.

Hodlekve Skisenter i Sogndalsdalen har gått litt eigne vegar med å innføra rabatt på heiskortet for ungdomsskuleelevar og studentar.

Moderne teknologi i billettsystema krev nokre stader eit såkalla «keycard», som dei krev 50-80 kroner for, i tillegg til prisen på heiskortet. Men dette er eit eingongsutlegg. Du treng ikkje nytt lykjelkort neste gong du kjøper heiskort. Nokre stader har dei ei panteordning. Du kan levera attende kortet når du ikkje lenger har bruk for det, og få att pengane, heilt eller delvis.

Evige optimistar

Heiseselskap som har fått ekstra pengar i kassa, er ikkje seine med å legga fram optimistiske planar om utviding og forbetring av anlegga.

Nye heiser og løyper er planlagt, og nye prepareringsmaskiner er kjøpt inn. Overskota i gode år, kjem i stor grad brukarane til gode.

Skisentra overgjekk kvarandre med superlativ då sesongopninga 2. juledag skulle skildrast. Men sol frå blå himmel over kvite vidder vart raskt forvandla til typisk vestlandsvêr, og ei påminning om at drift av alpinanlegg i denne landsdelen kan vera ei utfordring der investorar og eldsjeler strevar med å få endane til å møtest.

DYRE: På Voss og i Eikedalen(biletet) er heiskorta dyre, men her får du mykje for pengane.<br/> ARKIVFOTO: KNUT STRAND