Frå 1. januar må du betale 280 kroner kvar gong du uteblir frå poliklinisk konsultasjon eller behandling.

I fjor var prisen berre 100 kroner.

— Auken er stor, men det er på poliklinikkane vi har dei største ventelistene. Dersom denne endringa fører til at folk blir flinkare å nytte avtalen sin, eller å gje beskjed dersom dei ikkje har høve til å møte, så vil det klart bidra til å få ned ventetidene og slik sett gjere at fleire pasientar får hjelp, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik ifølgje Helse Førde si nettside.

Det er Stortinget som har bestemt auken i eigendelen. Dette gjeld både for helsetenestene i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta.

Breidablikk trur eit saftigare gebyr vil føre til at fleire kjem til avtalt time:

— Eg håpar det. Dette er eit klart og aukande problem, noko som er med å gje unødvendig lange ventetider og dårleg ressursutnytting.