ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no VossAller først må dei gjennom eit nytt sko-bad i desinfiserande væske i tillegg til prosedyren på Flesland. Men så er det marsjordre rett i dusjen. Distriktsveterinær Ola Skjelde vil at alle skal ta ein grundig kroppsvask og ein ekstra grundig hårvask. Ber om forståing — Er ikkje dette litt drastisk?- Eg trur det er stor forståing for slike tiltak så lenge det er fare for spreiing av svært smittsame dyresjukdommar frå Storbritannia, seier Skjelde. Han legg til at når det kjem såpass store grupper, er det påkravd at ein gjennomfører tiltak som kan redusera smittefaren. Elevane vil få kategorisk forbod mot å vitja fjøs eller gardsbruk med husdyrhald. Det vert også frårådd å klappa hundar, kattar eller andre kjæledyr dei måtte møta på Vangen eller andre stader under opphaldet.- Kva med kleda deira?- Vi vonar at reisekleda vert hengande i klesskapet under opphaldet, og nyttar andre klede når dei er ute på ski eller driv andre aktivitetar. Noko desinfiseringa av klede har vi ikkje lagt opp til. Leirskule-avbod - Blir det sett i gang tiltak også for vanlege britiske hotellgjester?- Vi har fått førespurnader frå eit par innkvarteringsverksemder som ventar britiske gjester, og har gitt dei råd om same prosedyre som på Vandrarheimen. Vi går ut frå at hotella fyljer opp dette så godt dei kan på eiga hand, utan noko kontrolltiltak frå vår side, seier Skjelde. Voss Vandrerhjem fekk i går avbod frå tre skuleklassar i Ytre Sogn. Dei ville ikkje risikera å vera på leirskule saman med engelske skuleborn. Turistnæringa risikerer store tap dersom kampen som dyresjukdommane dryger ut mot sommarsesongen.