— Vi må finna oss i konkurranse frå Danmark. Men det irriterer meg når danske tre blir selde som norske, seier juletreseljar Rune Revheim frå Osterøy.

Revheim er også i år på plass på Øyrane Torg i Arna med juletre «importert» frå Sunnhordland.

— Det er misvisande at det ikkje er nok norske tre å få tak i, meiner Rune Revheim. Men han blir motsagt av Geir Helge Aadnekvam, dagleg leiar for Gravdal Hagesenter. Senteret er med i Oasen Hageland, ein av dei store innan juletresal i Bergen.

- Skulle gjerne hatt norske

— Vi importerer også i år juletre frå Danmark. Gravdal Hagesenter har teke inn 1500, Oasen Hageland i Bergen i alt 6000 danske gran- og edelgrantre, seier Geir Helge Aadnekvam.

— Vi vil gjerne selja norske juletre. Men dei norske produsentane er ikkje ivrige etter å levera til oss. Ingen har vendt seg til oss med tilbod, vi er gjerne interesserte i kontakt, seier Aadnekvam. Som understrekar at Oasen Hageland overfor kunden ikkje legg skjul på at det er danske tre som blir selt.

Både norsk og dansk

Hans Haukås i Åsane er ein annan storaktør i det bergenske juletresalet. Han sel både norske tre dyrka i eiga mark og danske importtre.

— Eg er einig i at det er gale å selja danske tre som norske. Men det gjer ikkje vi, seier Haukås, som har importert juletre frå Danmark i vel 15 år.

Jørgen Bjånes på Askøy er ein annan importør av danske juletre. Han meiner dei danske trea jamnt over er finare enn dei norske, og at kundane ikkje har noko imot å velja dansk.

— Danskeimporten pressar prisane. Eit grantre som i Noreg kostar hundre kroner, kan ein få til halve prisen i Danmark, seier Arne Knutsen i Stord produksjonslag for juletre, pyntegrønt og kristtorn. Laget formidlar i år 1500 - 2000 juletre frå Sunnhordland til Bergenshalvøya.