Vart media utsett for sensur frå andre? Dette er to av spørsmåla som står på programmet når pressefridomens dag blir markert for første gong i Noreg i dag.

I sentrum for markeringa står eit seminar i Oslo. Der skal den amerikanske forfattaren og eks-redaktøren Stanley W. Cloud diskutere sensur og sjølvsensur etter 11. september med blant andre Aftenposten-redaktør Per Egil Hegge, journalistikk-professor Rune Ottosen og Arne Ruth, tidlegare kulturredaktør i Dagens Nyheter.

Pressefridomens dag har eksistert i åtte år, men dette er første gong dagen blir markert i Noreg. Seminaret i Oslo blir arrangert av den norske avdelinga av International Press Institute, og blir støtta både av stiftinga Fritt Ord, dei store mediekonserna, fleire presseorganisasjonar og den amerikanske ambassaden i Oslo.

Også framlegga frå regjeringa om nye antiterrorlover vil bli drøfta. Seminaret vil dessutan få besøk av Nina Berg, som var gift med redaktøren og journalisten Carlos Cardoso i Mosambik. Cardoso vart myrda i november 2000, etter at avisa han dreiv hadde avslørt fleire grove korrupsjonssaker. Den norske enka kjem for å fortelje om den prisen ho har betalt — både personleg og profesjonelt - for pressefridomen i Mosambik.