— Med dette reinseanlegget på plass er avfallsdeponiet i Bjørkemoen fullendt, seier Aasen til Bergens Tidende.

— Dermed kan du lena deg attende og garantert ikkje koma med nye krav og påbod?

— Nei, her blir det ikkje gitt slike garantiar. Vi veit aldri kva sentrale styresmakter kan koma med, seier Aasen.

Krav om å planlegga utnytting av gassen i bosdeponiet og reinsing av vatnet som sig ut vart sett fram i 1995. I 2002 vart det sett opp ein fakkel som brende metan-gassen. Denne gassen er 20 gonger iltrare mot naturen enn CO2, som ein får ved brenning. I fjor vart fakkelen sløkt, fordi utstyr stod klart til å omforma metangassen til energi - til saman 225 kilowatt, fordelt med 70 kW elektrisk kraft og 155 kW varmeenergi. Miljøverket sin administrasjonsbygning vert oppvarma med denne energien.

Her er også kraft til det nye reinseanlegget til 11 millionar kroner som vart opna i går, basert på osmose under trykk. Det omskapar sigevatnet frå bosdyngja til reint vatn før det vert sleppt ut i Raundalselva.

Det nesten svarte vatnet som sig ut under bosdeponiet kjem frå vassinnhaldet i boset, men enda meir er nedbør som vert ureina når det sig gjennom boset. Vatnet vert stogga av ein membran av plast før det kan ureina grunnvatnet og vassdraget, og ført til reinsing. Fordi nedbørsmengdene varierar frå time til time, og reinseanlegget har ein jamn kapasitet på 3,5 kubikkmeter i timen, er det bygt eit reguleringsbasseng. Det ser om lag ut som eit symjebasseng, men er slett ikkje innbydande, så skite som vatnet er.

Vatnet som har vore gjennom anlegget, er derimot reint og blankt.

— Det er drikkande, men ikkje særleg godt på smak fordi det manglar mineral som er vanleg i drikkevatn, seier driftsleiar Gunnar Bråten i Miljøverket til Bergens Tidende.

ARNE HOFSETH