— Eg trudde ikkje det kunne vere han då eg høyrde om drapa, seier Solhaug. Frå første til niande gjekk ho i klasse med 25-åringen som laurdag drap tre og etterpå tok sitt eige liv. Skulegangen var ikkje alltid like grei.

— Vi var tre-fire stykke som vart haldne utanfor resten av gjengen. Eg, han og eit par til, seier Rhuni, som var nabo til 25-åringen. Ho vart oppringt tre gonger av politiet drapsnatta, og fekk beskjed om å låse døra, sløkke lyset og halde seg unna vindauga. Utpå natta fekk ho vite av vener kva den gamle klassekameraten hadde gjort.

— Han var ein vanleg gut på skulen. Litt stille og ikkje spesielt skuleflink. Men vi fire som vart haldne utanfor visste aldri heilt kvar vi hadde dei andre, seier Solhaug. Det fekk dei blant anna merke når det skulle vere klassefestar i helgene.

— Då fekk vi ikkje vere med. Og vi måtte ofte gå for oss sjølve i friminutta, utan å få vere i lag med dei andre, seier 24-åringen.

- Psykisk mobbing

Sjølv var ho litt for skuleflink, og fekk unngjelde for det.

— Med han var det andre ting. Han var liten og spinkel, og for eksempel alltid den siste som vart vald ut når det skulle spelast fotball, seier Solhaug.

— Eg trur ikkje han vart plaga reint fysisk. Men det kan kanskje kallast psykisk mobbing, som lærarane aldri gjorde noko særleg for å stoppe. Eg har tenkt på det etter det som har hendt. Det er frykteleg, seier ho.

Då ho kom i 15-årsalderen fekk ho nye og litt eldre vener, og mista mykje av kontakten med dei gamle klassekameratane.

— Det trur eg han gjorde også. Han byrja å vanke mykje med Christian, seier Solhaug, som med jamne mellomrom veksla nokre ord med den gamle klassekameraten når ho var innom Esso-stasjonen der han arbeidde. Christian Alexandri Tufto (23) vart drepen av bestekameraten saman med foreldra sine, etter å ha feira 25-årsdagen til drapsmannen like før.

Alle var vennar to dagar før

Bestekompisen til 25-åringen på barne- og ungdomsskulen, Lasse Kvammen (25), fortel om ein blid og snill kamerat.

— Vi vart vel sett på som rampegjengen, som dreiv med mange barnestrekar. Men det var aldri noko bråk med han, aldri slagsmål eller noko slik, seier Kvammen, tydeleg prega av lange våkenetter etter tragedien.

Så seint som torsdag møtte Kvammen både Christian, drapsmannen og fleire andre vener på utestaden Resepten.

— Alle var glade og skålte. Ikkje i mine villaste tankar har eg trudd han kunne gjere noko slikt, seier Kvammen.

Drapsmannen utdanna seg innan elektronikk på vidaregåande, og budde ein periode i Oslo før han vende attende til Geilo.

— Eg drakk kaffe med han for ein månad sidan. Vi snakka litt om at han hadde lyst til å skaffe seg ein jobb innan elektronikk eller data. Men då måtte han nesten flytte. Og han sa at han ikkje var så glad i storbyar, seier Kvammen.

STOD UTANFOR: – Vi fekk aldri vere med når det var klassefestar i helgene, seier Rhuni Solhaug (24). I ni år gjekk ho i klasse med den 25 år gamle drapsmannen. Dei var begge outsidarar på skulen.
Foto: Jan M. Lillebø