Det viser ein gjennomgang Bergens Tidende har gjort av rekneskapstala for partia som er representert på Stortinget.

Den offentlege partistøtta varierer med velgaroppslutninga. Utslaga er store slik at til dømes Ap tok imot sju gongar så mykje som Venstre.

Kontingentinntektene varierer også sterkt. Senterpartiet på topp, har om lag dobbelt så store kontingentinntekter som KrF og Ap som følgjer deretter.

I motsetnad til den populære oppfatninga er det ikkje Høgre men KrF som tek imot dei største bidraga frå privatpersonar.

Fleire parti har også store inntekter frå forretningsverksemd, lotteri og speleautomatar.