VIDAR YSTAD

Høgre og Kjell Magne Bondevik har skulda LO for å «kjøpe seg» innverknad i Ap gjennom rause gåver.

Ap har hatt sterkt fokus på Høgre sitt hemmeleghald og sådd mistanke om inhabilitet og korrupsjon.

Rekneskapstala for dei siste åra, som Bergens Tidende har gjennomgått, viser store utslag i disfavør av ikkje minst Høgre. Det er partiet som tradisjonelt har kunna vasse i pengar frå «rike onklar».

I takt med auken i fokuset omkring desse gåvene, er kjeldene tørka ut, både sentralt og lokalt, ser det ut til. I 2000 vedtok hovudstyret i NHO å kutte ut dei årlege løyvingane til politiske parti. Det skulle skje gjennom ei nedtrapping over fire år. I 2005 skal det vere slutt.

Hadde det ikkje vore for ei ekstraordinær gåve, i form av ei testamentarisk gåve frå Norgas-direktøren Reidar von Koss, hadde fireårsperioden 2000-2004 vore heilsvart for det konservative partiet. I 2002 kunne partiet inntektsføre heile 11.947,188 kroner frå denne gjevaren sitt dødsbu.

Millionstraumen redusert

I 2000 mottok Høgre sentralt 4,7 millionar kroner i gåver. 4,2 millionar av dette kom frå NHO, 500.000 frå Norges Rederiforbund (NR). I valåret 2001 var støtta frå NHO trappa ned til 3.360.000. NR gav framleis 500.000 kroner. I år får partiet 840.000 kroner frå NHO. Neste år er det slutt.

Ifølgje rekneskapen frå Høgre er det ingen store gåver til partiet sentralt, bortsett frå den testamentariske gåva. Det er lokalt dei store pengegåvene har kome, særleg i Oslo Høgre. Desse gåvene har partiet halde strengt hemmeleg.

Tradisjonelt har Oslo-partiet motteke fire-fem millionar kroner i snitt i slik samla støtte i valår. Men i fjor fall desse inntektene til 1,4 millionar.

11. august i fjor såg partiet seg pressa til å legge om praksis og offentleggjere namn på gjevarane. Det førde til at tre namn kom på bordet: Morits Skaugen, Sole Invest og Westey Høegh. Dei gav samla 400.000 kroner.

Ap-finansane

Ap har i åra 2000-2004 motteke fem millionar kroner årleg frå LO. Fleire av LO-forbunda har løyvd større beløp i valåra 2001 og 2003. I 2001 var den samla summen frå forbunda 6.690.000 kroner og i 2003 om lag fire millionar kroner.

Samla mottok Ap 31,6 millionar i fireårsperioden. Høgre mottok 25,2 millionar. Då utgjer den testamentariske gåva knapt halvparten.

Kristeleg Folkeparti har også motteke betydelege beløp frå næringslivet, spesielt frå NHO og NR. I 2000 var det samla beløpet ein million frå desse organisasjonane. 750.000 av dette kom frå NHO. Løyvinga derifrå er trappa ned med 150.000 kroner kvart år og er i år på 150.000. Neste år er det slutt.

I 2001 mottok KrF 200.000 frå Rimi-Hagen sitt selskap Canica as, 250.000 kroner frå Berg Jacobsengruppen as og Møresentrene Roseby as, til saman.

Jens Ulltveit-Moe gav også 100.000 kroner til KrF. Han ville vere anonym, men gjekk seinare med på at namnet vart offentleggjort.

Finanskjendisar for Dørum

Frp har også motteke ei viss støtte sentralt. I 2000-2002 fekk partiet årleg 250.000 kroner frå NR. I 2003 fekk partiet 50.000 frå Oslo Rederiforening og 25.000 kroner frå Norsk Sjømannsforbund og Wil. Wilhelmsen.

Dei andre partia har berre motteke mindre beløp, med unntak for at Oslo Venstre i samband med valkampen i 2001 mottok til saman 600.000 kroner frå fire finanskjendisar: 300.000 frå Christen Sveaas, 100.000 frå kvar av dei tre: Petter Olsen, Stein Erik Hagen og Leon Bodd. Bodd har i mange år vore ein sentral mann i Oslo Venstre. Pengane vart gjevne for å trygge attval av Odd Einar Dørum.