Justisministeren seier til Bergens Tidende at han legg til grunn at påtalemakta skal vere uavhengig.

— At spørsmålet om åremål for politimeistrane kan vere eit problem i forhold til dette, har ikkje vore reist tidlegare. Eg vil nå tenkje igjennom spørsmålet, seier Dørum.

Bergens Tidende kunne i går fortelje at riksadvokat Tor-Aksel Busch er uhyre skeptisk til nyordninga med politimeistrar på åremål. Bakgrunnen er nettopp prinsippet om at påtalemakta skal vere uavhengig - også i forhold til politikarane.

Busch vart ikkje spurt

Riksadvokaten vart heller ikkje spurd av Justisdepartementet om kva han meinte før Justisdepartementet tok i bruk åremål for politimeistrane.

Ingen har til nå kome på tanken om å tilsette riksadvokat og statsadvokatar på åremål. Det ville vore ein torpedo mot den uavhengige stillinga dei skal ha.

Politimeistrar på åremål, som også er ein del av påtalemakta, har derimot ingen reist innvendingar mot før nå.

- Trugar uavhengig stilling

Fleire kjelder i påtalemakta gjev overfor Bergens Tidende uttrykk for frykt for at ordninga kan truge den uavhengige stillinga påtalemakta skal ha.

Det kan blant anna skje ved at politimeistrane opptrer og innrettar seg med tanke på å få forlenga åremålet. Dei kan dermed bli freista til å gjere det dei trur overordna eller den politiske leiinga i Justisdepartementet forventar.

Men systemet kan også opne for meir direkte press mot politimeistrane. Det kan skje ved at Justisdepartementet trykker på politidirektøren, som sjølv er på åremål, og som så igjen trykker på politimeisteren.

Det er også frykt for at politimeistrane blir for avhengige av kva slags forhold dei har til politidirektøren. Det er politidirektøren som innstiller overfor Justisdepartementet. Dette gjev politidirektøren svært stor makt.

I dag er 22 av dei 27 politimeistrane tilsett på åremål for ein periode på seks år.