Den hardaste kritikaren var den tidlegare generalsekretæren i partiet, Hans Antonsen. Han var statssekretær for Lars Sponherim då Sponheim var næringsminister i den førre Bondevik-regjeringa.

Ein av kritikarane er også Harald Hove frå Bergen. Han er varamedlem til sentralstyret og til Stortinget.

«Vise handlekraft»

Saka som nå har utløyst kritikken, er framlegget til nye lovreglar som skal verne politiet sine kjelder mot å bli eksponert. Her er det spesielt saksbehandlinga og den ekstremt korte høyringsfristen som har ført til kvasse reaksjonar.

Hove meiner at Dørum sin iver etter å vise handlekraft har vore så sterk at det ville gå ut over forsvarlege saksbehandlingsreglar.

Dørum måtte tole knallhard kritikk for hastverket då departementet avvikla «munnleg høyring» om lovutkastet, torsdag 19. september.

Før landsstyremøtet i Venstre opplyste Dørum at høyringsfristen ville bli utsett. Det verka til å mildne kritikken noko, men kritikken var likevel klar.

— Utan at den informasjonen hadde kome, ville kritikken ha vore endå klarare, seier Hove til Bergens Tidende.

- I minefelt

Men også framlegget til verkemiddel og tiltak i kampen mot terrorisme, har terga mange - ikkje minst internt i Venstre.

— Odd Einar Dørum må som justisminister bevege seg inn i eit minefelt av vanskelege saker. Då treng han hjelp. For det første er det då viktig å ta seg tid og ikkje haste fram. Då må ein halde seg til dei høyringsordningane som gjev dei beste krefter i landet høve til å kome med innspel, seier Antonsen til Bergens Tidende.

Antonsen meiner at Venstre som regjeringsparti heilt unødig har pådrege seg problem og belastande kritikk ved det hastverket som har prega Dørum ut frå ein ynskje om å vise handlekraft.

— For Venstre må omsynet til rettstryggleiken haldast høgt. I saka om terrorist-nedkjemping vart resultatet rimeleg bra etter at det hadde kome viktige bidrag utanfrå. Utan desse innspela hadde det gått heilt gale. Det som først kom frå departementet var ikkje bra. Dette underbygger behovet for å ta seg tid før ein kjem med utspel på så viktige område, seier Antonsen.

«Lettvinte løysingar»

— Det politiske miljøet er diverre svakt når det gjeld å engasjere seg på dette området. Mange hoppar på lettvinte løysingar. Det forsterkar behovet for at utanforståande fagmiljø og ressurspersonar får høve til å kome med innspel som hindrar at ein trør feil før vedtak og lover blir klubba igjennom, seier Antonsen.

Antonsen kritiserer handteringa av saka om vern av politikjelder, sjølv om Dørum har forsvart opplegget. Der var det lagt opp til eit heilt uforsvarleg tempo.

— Det er viktig å slå fast at høyringsinstituttet i Noreg er basert på skriftlege kommentarar og innspel. Det må ta tid. Men då først kan ein reflektere, dokumentere og etterprøve, seier Antonsen.

Dørum la opp til at høyringa i prinsipp skulle vere munnleg ved eit møte i Oslo, torsdag 19. september. Dei som måtte ha supplerande synspunkt måtte sende det via telefaks innan klokka 10.00 måndag 23.

Dette vekte naturleg nok reaksjonar mellom høyringsinstansane. Dei protesterte i høge tonar under høyringsmøtet 19.