Det vedtok Kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget onsdag etter framlegg frå komiteleiar Ågot Valle (SV).

Laurdag uttala ordføraren i Risør, Lars Lauvhjell, til Bergens Tidende at han er viss på at PST var fullt ut orientert om at irakaren var verva til krigen i Irak, då han reiste.

Den 36-årige irakaren, som har budd i Risør sidan 2001, vart skadd under krigen og transportert tilbake til Noreg med ambulansefly.

Stortingskomiteen viser nå til oppslag i avisa Washington Post, som har fortalt at irakaren var svært sentral for dei amerikanske styrkane under Irak-krigen.

Representantane frå regjeringspartia, H og Krf, gjekk imot å stille nye spørsmål til justisministeren om saka.

Komiteen viser vidare til at det er straffbart etter norsk lov å verve personar i Noreg til krigsteneste i utlandet. Komiteen vil difor også vite om norske styresmakter har medverka til at den aktuelle irakaren er blitt verva til krigen.

Det er SV, Ap og Frp som står bak vedtaket. Dei er samde om å stille spørsmåla, men så skil partia lag. Ap og SV er svært kritiske til om det har vore eit slikt samarbeid om verving til krig, medan Frp og Carl I. Hagen er svært positiv til om det har vore eit slikt tett samarbeid.

Justisminister Odd Einar Dørum seier til Bergens Tidende at han sjølvsagt svarar på dei spørsmåla han får. Han vil ikkje uttale seg om dei nye spørsmåla som er stilt før han gjer det skriftleg til komiteen.

Han vil heller ikkje kommentere det forholdet at komiteen er misnøgd med svara på dei førre spørsmåla som vart stilt.

I det svaret opplyste Dørum at det har vore tett kontakt mellom den aktuelle irakaren og PST både før han reiste til krigen i Irak og medan han var der.

Kva rolle politiet har hatt i vervinga og om det har skjedd i forståing med eller blitt klarert av overordna styresmakter, svara han ikkje på.