Slik er lova. Det betyr at regjeringspolitikarane avgjer om staten skal straffeforfylge Krekar.

Det inneber også at saka blir «politisert». Det er statsrådar som har hatt eit sterkt engasjement for å få kasta Krekar ut av landet, som skal avgjere lagnaden hans. Mellom desse er kommunalminister Erna Solberg. I 2002 instruerte ho Utlendingsdirektoratet om å fatte vedtak som varsla Krekar om at han ville bli utvist.

Sikta

Krekar er sikta for medverknad til forsøk på drap i Irak i eigenskap av å ha vore leiar for Ansar al-Islam. Det var denne siktinga som lå til grunn for arrestasjonen og varetektsfengslinga.

Ettersom siktinga mot Krekar gjeld mogeleg straffbar handling utførd av utlending i utlandet, er det Kongen i statsråd som har påtalekompetanse, ifylgje førstestatsadvokat Erling Grimstad.

Grimstad vil ikkje sjølv uttale seg om kva konklusjonen blir. Hans vurderingar av saka, skal han gje i ei oppsummering, eller ein statusrapport — som han kallar det, til riksadvokaten. Riksadvokaten har så hand om den vidare oppfylginga av saka.

Kan leggjast vekk

Riksadvokaten kan legge vekk saka dersom han meiner det ikkje er grunnlag for straffeforfylging. I motsett fall må han lage innstilling til Kongen i statsråd som skal avgjere om det skal reisast tiltale.

I prinsippet kan Kongen i statsråd også overprøve ei avgjerd frå riksadvokaten om å legge vekk saka. Men det blir rekna som så usannsynleg og påfallande om det skulle skje, at ein i praksis kan sjå bort frå det, seier ekspertar på strafferett og straffeprosess som Bergens Tidende har vore i kontakt med.