Ingen er feilfri. Men nokon synest å tru at dei er farleg nær.

Ta pressefolk for eksempel. Dei krev at samfunnstoppane skal leve i konstant søkjelys frå pressa.

Men søkjarane til redaktørjobben i journalistane sitt eige fagblad, dei krev konfidensiell behandling, må vite. Og dei som lagar krigstypar av Jaglands tette band med NHO-sjef Jens Ulltveit-Moe, er sjølv bestevenner med NHO-sjefen.

Smuldrande truverde

Det offentlege søkjelyset er ein berande grunnstein i demokratiet. Ytringsfridomen bør vi alle kjempe for. Innsynsretten er fundamentalt viktig.

Kampen for ytringsfridomen er ikkje berre legitim, den er livsnødvendig. Difor burde det vere vanskeleg å harselere når pressa sine fremste talsmenn tar fram honnørorda i denne kampen. Ytringsfridom. Offentlegheit. Samfunnsrolle. Kritisk. Innsyn. Uavhengig. Prinsipp.

Vel kan dei vere pompøse, men ingen sann demokrat skulle finne på å seie dei imot.

Difor er det nesten trist å sjå korleis leiande pressefolk klarer å latterleggjere ikkje berre seg sjølv, men heile det faget dei representerer.

Skore til beinet dreier journalistikk seg om ein ting: Truverde.

Når dette truverdet er til sals, blir det kalla korrupsjon. Når dette truverdet blir skusla vekk, blir det kalla toskeskap.

Krev open framferd av andre

Eit døme frå førre veke: Medlemsbladet til Norsk Journalistlag (NJ), Journalisten, skal ha ny redaktør. Fleire av søkjarane krev å få konfidensiell behandling. Dei vil ikkje ha namnet sitt offentleggjort.

Dette er kandidatar som ønskjer å bli sjef i fagbladet for ei yrkesgruppe som har eit opnare samfunn som fanesak.

NJ har tidlegare meint at offentleglovas § 6.4 ikkje går langt nok når den eksempelvis seier at søkjarlistene til offentlege toppstillingar er offentlege.

I høyringsuttalen sin til NOU 1999:27 om ytringsfridom skriv NJ at offentleglova bør utvidast til å «dekke foretak som aksjeselskap og stiftelser i hovedsak finansiert av offentlige midler, samt privateide selskap som forvalter vesentlige samfunnsinteresser».

Til ein av denne organisasjonens viktigaste stillingar — redaktør i fagbladet Journalisten - kjem altså søkjarar krypande med krav om å sleppe offentleg søkjelys på seg. Anten reknar dei ikkje NJ «å forvalte vesentlege samfunnsinteresser», eller så meiner dei seg sjølv heva over krava NJ stiller til omverda.

Om det er arroganse eller toskeskap som ligg bak, så er likevel mangelen på dømmekraft forstemmande. Spørsmålet er om ikkje dei som ber om konfidensiell behandling av søknaden sin, har diskvalifisert seg i utgangspunktet.

Prinsippsak for NJ

Styreleiar Egil Torheim i Journalisten kallar det eit dilemma, men har i realiteten ein enkel jobb. Når styret skal behandle saka denne veka, må dei offentleggjere namna på søkjarane. Så enkelt er det.

I motsett fall bør NJ endre standpunkt, og late alle søkjarar til toppjobbar i samfunnet få sleppe å sjå namnet sitt i avisa. I så fall er det ein liten siger for samfunnstoppane, eit lite tap for ytringsfridom og demokrati. Og eit stort tap for NJ.

Så enkelt, og så vanskeleg er det å byggje truverde.

Dagbladet i milliardærens seng

Dagbladets fremste, mest erfarne folk framstår i desse dagar som flotte eksempel på korleis pressa meiner seg høgt heva over både søkjelys og kritikk.

21. februar i år brukte Dagbladet heile framsida og to sider inni til å fortelje lesaren at Ap-leiar Thorbjørn Jagland er kompis med, og låner hytte av, skipsreiar og NHO-sjef Jens Ulltveit-Moe. «Jagland i milliardærens seng» var tittelen på saka. Men ingen fekk vite at også avisas fremste folk er gode kompisar med milliardæren, og at dei også plar bruke Ulltveit-Moes luksushytter i feriane sine.

Dagbladets kulturredaktør Eva Bratholm vart skikkeleg opptrekt og forarga då ho skulle diskutere denne dobbeltmoralen på radioen her om dagen. Kollega Gudleiv Forr, ein av landets viktigaste kommentarjournalistar, meiner det er heilt irrelevant at han er nær kompis med NHO-sjefen. Forr meiner han ikkje er nokon offentleg person som må søkje folks tillit. Kven han låner hytte hjå har ingen interesse for ålmenta, meiner Forr, som er med i ei privat «visjonsgruppe» der også NHO-sjefen deltek.

Det triste er ikkje at desse høgt profilerte journalistane er tjommi med NHO-sjefen. Det er deira val. Det triste er at dei ikkje forstår at forholdet, og at dei ikkje ønskjer å ha nokon open debatt rundt det, kan vere eit problem for truverdet deira.

Om vi fekk innsyn ville vi kanskje gitt både Bratholm og Forr rett i at dette ikkje er noko yrkesetisk problem.

Men slik det no er, ser vi berre dobbeltmoralen som ligg der og lyser.

Dei to seniormedarbeidarane i Dagbladet er farleg nær feilfrie. I eigne auge.

Ufrivillig viser dei oss kor viktig ei kritisk presse er.

I dette tilfellet var det fagbladet Journalisten som gjorde jobben, under ein konstituert redaktør.

Neste gong Dagbladet, eller andre i norsk presse går til sengs med makta, kan Journalisten ha fått ein konfidensielt tilsett redaktør.