Dei fleste dommane har mannen sona i fengselet i Vik i Sogn.

Der trivst den kriminelle mannen så godt at han ønskjer å flytte til kommunen, melder NRK Fylkesnytt.

Det var Fjordane tingrett som dømde mannen til seks månaders fengsel, halve tida påvilkår, for ein del mindre tjuveri og heleri. Aktor la ned påstand om ni månaders fengsel, på grunn av tiltaltes kriminelle rulleblad.

Får den vanekriminelle mannen oppfylt sitt ønske om å flytte til Vik i Sogn, vil vegen til fengselet bli kort og grei.

I tilfelle det skulle bli ein straffedom nummer 41.