Du treng i alle fall lupe for å sjå andletstrekka på den ørlille dokka inst i Matrushka-settet til 20.000 kroner som står utstilt på Dale for tida. Dette fnugget av ein treskurd har heile 29 storesystrer utanpå seg, når heile settet er sett saman.

— Verdas beste, hevdar Svein Skipenes bak «disken» i den vesle tømmerbua med russar-suvenirar attmed Essostasjonen på Dale.

Til topps

— Dokka gjekk heilt til topps på den sentrale Matrushka-utstillinga i Moskva i år, seier Skipenes.

Ein nærare titt på detaljane gjer påstanden truverdig. Dei handmåla andleta og dei høgst ulike motiva på bringa er skikkeleg forseggjort. I tillegg til måling er det brukt bladgull og perlemor. Dei 30 dokkene passar nøyaktig saman, og inni kvarandre.

— Korleis er denne komen til Dale?

— Det er nok konemor som har dei rette kontaktane heime i Russland, seier Skipenes.

Butikk over internett

Saman med kona Lioudmila har han skipa ein butikk med suvenirar frå Russland. Dei har etablert seg på Stamnes, der dei bur. Og derifrå går det greitt å driva handel over internett. Men for å visa fram varene til folk flest, har dei overteke tømmerhytta ved E16 som før hadde husflidsutsal. For å nå eit enda større publikum, dreg dei til Lagunen laurdag og Oasen seinare i haust.

Jammen er det mangt å finna langs veggrøftene. Matruskha-butikken har fargerike treskeier i svært så ulike storleikar, i tillegg til dei klassiske russiske dokkene av ulik verdi. Frå små sett med nokre få dokker inni kvarandre, til flaggskipet med 30. Alle er handmåla, og av ein annan kvalitet enn dei rimelege suvenirane på torga i Russland.

Lioudmila Skipenes har tillaust gjort eit stort varp med å få 30-delarsdokka til Stamnes. Slike prakteksemplar, laga av dei beste russiske kunstnarane på området, går vanlegvis rett frå Moskva-utstillinga til ein rikmannsheim.

KOSTAR 20.000: Desse 30 dokkene kan bli til ei, i alle fall i samansett utgåve. Svein Skipenes og kona Lioudmila har starta butikk med suvenirar frå Russland.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ