Den livsfarlege jernbanekryssinga er ikkje fjerna, men publikum har no fått eit langt sikrare alternativ, som alle med sunt folkevit vil bruka.

— Ei fullgod løysing er vanskeleg å få til på den avgrensa plassen vi har på Myrdal stasjon, og dei pengane som står til rådvelde, seier Ole Erik Almenningen i Jernbaneverket til Bergens Tidende.

— Kva er den ideelle løysinga?

— Det må vera ein tunnel under spor 11 slik at ein kjem opp på plattforma utan å kyssa over jernbanesporet, seier Almenningen.

Kraup under

For å koma seg frå Rallarvegen til plattforma på Myrdal stasjon, må spor 11 kryssast i plan. Ved den gamle planovergangen er det laga eit stort hakk i plattforma for å jamna ut høgdeskilnaden. Her er både skråplan for kryssing på hjul, og trappetrinn. Problemet er at toga på den stadig meir populære Flåmsbana har auka i lengde i takt med trafikkauken. Når toget no står på sin vande plass i spor 11, ligg planovergangen under toget.

Her er det klaring til å krypa under, og dra sykkelen etter seg. Men tenk om toget er klar for avgang! I redsel for å bli for sein til tog mot Bergen eller Oslo, tek enkelte sjansen på å krypa under, framfor å venta til Flåmstoget har gått.

No er det laga ein ny planovergang lengre vest, slik at ein kan gå rundt toget.

Ikkje idiotsikkert

For å knyta saman den nye planovergangen med Rallarvegen, er det bygt ein 72,5 meter lang trekonstruksjon til gang- og sykkeltrafikk i pukkskråningen mot Flåmsdalen. Det er også sett opp nye gjerde som skal leia folk rett veg. Idiotsikkert kan dette ikkje bli, sidan toga skal passera. Regelen om å passa seg for tog, gjeld framleis.

Dei store konsentrasjonane av turistar på Myrdal stasjon ved korrespondansane til og frå Flåm, har gjort det turvande å oppmoda om varsemd før passasjerane stig av toget. Der er strengt forbode å kryssa spora utanfor planovergangane. Likevel kan iveren etter å ta det gode biletet bli for stor.

— Er det aktuelt å fjerna heilt den farlege overgangen?

— Ikkje førebels. Framleis vil det vera trong for motorisert ferdsel med varetransport til hotell og andre verksemder denne vegen. Fram til vi får ei enda betre løysing blir nok overgangen liggjande. Han er like trygg som mange av dei andre når det ikkje står tog i sporet, seier Almenningen.

Han har god tru på at publikum heretter vil nytta den nye overgangen i vestenden av plattforma når det står tog ved denne sida av plattforma.

Arne Hofseth
Arne Hofseth