• Skal vi lese denne rapporten bokstavleg, må drifta ved fleire norske flyplassar innstillast.

Operativ direktør i Widerøe, Asbjørn Anthonisen, seier til Bergens Tidende at ei rekkje av dei flyoperative krava som Luftfartstilsynet stiller, vil vere uråd å oppfylle.

Eit slikt krav er sikkerheitssoner rundt flyplassane. På sidene og i endane av rullebana skal det vere flate område som skal hindre ulukker, i fall fly sklir av bana.

— På mange norske kortbaneflyplassar er det rett og slett uråd å lage til slike soner. Eller det vil bli så dyrt at det blir økonomisk uforsvarleg, konstaterer Anthonisen.

I selskapet som har mesteparten av trafikken på kortbanenettet, er dei ikkje i tvil om at rapporten kan få store konsekvensar. Sjølv meiner Widerøe dei flyg trygt på norske flyplassar.

— Vi vurderer kvar flyplass for seg, og har skreddarsydd våre operative forhold.

Anthonisen meiner situasjonen er slik at enkelte område i landet i framtida kan bli stengt ute frå eit flytilbod på kortbanenettet.

Widerøe-direktøren legg ikkje skjul på at han er svært spent på kva som vil komme når Samferdsledepartementet neste veke lyser ut den neste anbodsrunden på kortbanenettet.