Det hevdar professor Normann Aanesland ved Noregs Landbrukshøgskule.

Det er i tilfelle på direkte kollisjonskurs med det Venstre, ikkje minst i Agder-fylka, har stått for og kjempa for.

«Ubehagelige konsekvenser»

Aanesland er ikkje åleine om denne vurderinga. Dette såg også Oslo-advokaten som i 1998 skreiv kjøpekontrakt på den omstridde eigedomen i Lillesand — med sikte på å nytte eigedomen til fritidsføremål.

I januar 2000 skreiv advokat Westy Høegh brev til dåverande landbruksminister Kåre Gjønnes om saka. I brevet heiter det mellom anna:

«Saken er enkel, men forståelig nok ubehagelig i sine konsekvenser, dersom jeg skulle få medhold i klagen.»

Dette er reine ord for pengane. Advokaten forstår at eit ja frå departentet, vil bety over og ut for ordninga med buplikt.

Norman argumenterte

Av det same brevet går det elles fram at Westy Høegh hadde hatt hjelp frå dåverande professor Victor Norman, nå statsrådskollega med Lars Sponheim, i eit forsøk på å overtyde statsråd Gjønnes.

Under NHO sin årskonferanse i januar 2000 hadde dei tre hatt ein lengre diskusjon om «problemstillingen rundt fritidseiendommer på Sørlandet i forbindelse med konsesjonsgrenser og fri omsetning både av landbrukseiendommer og fritidseiendommer».

Administrasjonsminister Victor Norman seier til Bergens Tidende at han ikkje har hatt noko med den aktuelle saka å gjere etter at han vart statsråd. Han legg til at det er vel kjent kva han meiner og lenge har meint om buplikt og konsesjonsvilkår.

Norman eig sjølv ein eigedom i Risør, men er ikkje råka av lovgjevinga sidan eigedomen er overteken ved arv.

Gjønnes, som nå er tilbake i jobben som fylkesmann i Sør-Trøndelag, seier til Bergens Tidende at han ikkje kan minnast diskusjonen med Norman og Høegh.

Krev svar av Sponheim

Konsesjonssaka vart avgjort av Landbruksdepartementet i juni 2000, etter regjeringsskiftet. Bjarne Håkon Hanssen var då blitt landbruksminister.

Reaksjonane mot den «kuvendinga» som har skjedd i Landbruksdepartementet i denne saka under Sponheim, har nå vekt sterke reaksjonar i det politiske miljøet. Torsdag sendte Kontrollkomiteen på Stortinget brev til Sponheim og ba han om ei forklaring på departementet si behandling av saka.

Samstundes arbeider Lillesand kommune med å prøve å underbygge ein påstand om at departementet har lagt feil faktum til grunn då omgjeringsvedtaket vart gjort, 1. mars.

Fleire politikarar og medie har dei siste dagane kommentert saka ut frå ei oppfatning av at Sponheim har lova å vurdere saka på ny.

Vil sjå på dokumenta

Det er ikkje rett. Det Sponheim og departementet har sagt, er at dei vil gjennomgå dokumenta i saka når Lillesand kommune kjem med innspelet sitt.

— For å gjere ei ny vurdering - eller omgjere vedtaket, er vi avhengig av at det kjem heilt nye opplysningar som viser at departementet har bygd på feil faktum, seier politisk rådgjevar, Geir Olsen, til Bergens Tidende.