Tal som Statistisk sentralbyrå frigir i dag viser ein auke på heile 102 prosent. For menn var veksten på 42 prosent.

Auken i talet på fullførte grader har vore større for kvinner enn for menn på alle nivå. Av dei som blei registrert ved eit universitet eller ein høgskule for første gong i 1985, oppnådde 6900 menn og 7700 kvinner ei grad i løpet av ein tiårsperiode. Om ein samanliknar dei to periodane blei det fullført 74 prosent fleire grader den siste perioden enn den første uavhengig av kjønn.

Flest menn tar doktorgrad

På lågare grad fullførte 6500 fleire kvinner ei universitets— eller høgskulegrad på lågare nivå enn i forrige tiårsperiode, noko som er ein auke på 108 prosent. Talet på menn som fullførte ei lågare grad auka med rundt 50 prosent, noko som vil seia 2000 personar i same periode.

Sjølv om flest kvinner tar høgare utdanning generelt sett, er det flest menn som tar doktorgrad. 115 menn og 61 kvinner av dei som var nye studentar i 1995 hadde fullført ei doktorgrad ti år etter.

56 prosent av kvinnene som fullførte ei grad i tiårsperioden tok ei grad på lågare nivå, medan berre 14 prosent tok ei grad på høgare nivå. Blant mennene var det 21 prosent som fullførte ei høgare grad. 41 prosent av mennene tok ikkje noko grad i det heile tatt.

Fleire fullfører på normert tid

Den siste tiårsperioden har fleire fullført treårige og fireårige studiar på normert tid enn i den forrige tiårsperioden. Frå 1995 til 2005 fullførte om lag 30 prosent på normert tid, medan talet var 24 prosent i perioden før.

Blant dei treårige lågaregradsstudia var det ingeniørutdanningar som hadde størst del studentar som fullførte på normert tid.