Normalt ville det bety at statsråden lever farleg. Å utfordre Riksrevisjonen som er Stortinget sitt vikgtigaste kontrollorgan overfor Regjeringa, er det same som å utfordre Stortinget.

Og når opposisjonen kontrollerer stortingsfleirtalet med god margin, ville det normalt vere ekstra farleg. Men ingenting er som normalt. Det er valår i år.

Riksrevisjonen meiner det har skjedd alvorlege brot på avhendingsinstruksen og at Forsvaret såleis har brote vedtak og føresetningar Stortinget har gjeve.

Riksrevisjonen slår fast at det er manglar ved både planprosessen for utrangering og prosessen for avhending av overflødig eigedom, bygg og anlegg.

Det gjeld at ei rad verdifulle eigedomar er selt utan at det er innhenta eller ligg føre takst. I mange tilfelle er det nytta gamle takstar, i strid med instruksen.

BT spurde i går riksrevisor Bjarne Mørk Eidem om det er grunn til å vente at Forsvaret legg om praksisen sin på grunnlag av kritikken frå Riksrevisjonen.

Det er Riksrevisjonen i tvil om. Signala frå Forsvarsdepartementet er motstridande. I første omgang kom Forsvarsdepartementet Riksrevisjonen i møte og sa seg samd i kritikken. Men i siste omgang, etter ei ny brevveksling, har departementet sudd og går imot Riksrevisjonen sine vurderingar og kritiske merknadar. Forsvarsdepartementet har i eitt tilfelle jamvel lagt fram ein takst frå 1994 for ein eigedom som vart avhenda i 2002 for 10,8 millionar kroner, for å rettferdiggjere framgangsmåten. 60 eigedomar er avhenda utan at det ligg føre takst. Og for 60 andre eigedomar er taksten eldre enn ni månadar.

Eigedomen Midtåsen 30 i Oslo, der etterretningsstaben heldt til fram til 1998, vart avhenda i desember 2001 for 22 millionar gjennom direktesal til eit selskap ått av Høgre-mannen Atle Brynestad. Ingen andre fekk delta i kjøpsprosessen, og det er ikkje dokumentert at eigedomen vart selt til marknadspris, slår Riksrevisjonen fast.