Dette framgår av dokument Bergens Tidende nå har fått tilgang til etter at Forsvarsdepartementet først gav avslag på krav om innsyn.

Riksrevisjonen på banen

Dokumenta viser at eks-statsråd Krohn Devold og oberst Nils Petter Granholt var innkalla til møte i Forsvarsdepartementet om reiserekningane deira, 4. januar. To dagar tidlegare hadde Riksrevisjonen stilt spørsmål til departementet om internkontrollen. Krohn Devold var også i nytt møte i departementet om saka, 9. februar.

Men først i mai kom det svar frå departementet til Riksrevisjonen. Brevvekslinga er førebels hemmeleghalden.

«Med buksene nede»

— Denne saka er eit nytt døme på at departementet blir teke «med buksene nede» når det gjeld innsynsnekt, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening, etter å ha fått sjå dokumenta BT nå har fått tilgang til.

— Når departementet påfører sine eigne dokument stempelet «underlagt lovbestemt teieplikt» fortel det meir enn mange ord om kva haldningar dei har og som ålmenta har å stri med.

— Hadde ein brukt den vanlege klageprosedyren, ville vi aldri fått innsyn i desse dokumenta. Det er ein ny illustrasjon på behovet for å få eit skikkeleg klagesystem, seier Øy.

Urettmessig utbetaling

Dei dokumenta Bergens Tidende nå har fått tilgang til, viser at departementet meiner Krohn Devold urettmessig fekk utbetalt 8920 kroner på grunn av feil i reiserekningane ho har signert.

Dette omfattar tokt med KV Svalbard i 2002, vinterøving på Voss i 2002, tokt med «Statsraad Lehmkuhl» i Karibia i 2002 og middag hjå den norske ambassadøren i Roma i 2002.

På den andre sida har departementet kome til at Krohn Devold hadde rett på 4240 kroner for turar til USA i 2002 og 2005.

Departementet kravde differensen mellom desse beløpa tilbakebetalt.

Ei rekke andre postar som Bergens Tidende eksponerte, der det var avvik mellom utbetalingar og regelverk, har departementet nå akseptert for andre gong.

Nektar å svare

Kristin Krohn Devold avslår å uttale seg om saka til Bergens Tidende.

— Eg uttalar meg ikkje om tida som statsråd, og i denne saka engasjerte eg advokat som har opptrådt på mine vegner. Om han vil uttale seg, veit eg ikkje. Meir har eg ikkje å seie, uttalar Krohn Devold.

Advokaten har i brev til departementet dels hevda at departementet ved sin nye gjennomgang har lagt seg på ein ny praksis, dels at kravet ville vere forelda. Mellom anna har han hevda at departementet har fylgt ein annan praksis når det gjeld frådrag for måltid enn den Stortinget fylgjer for heilt tilsvarande forhold.

Sjølv går Kristin Krohn Devold i rette med framstillinga departementsråd John Lunde i Forsvarsdepartementet gjev av rutinane for utfylling og behandling av reiseoppgjer i departementet.

«Aldri krevd en krone»

«Jeg har aldri krevd så mye som en krone på eget initiativ», skriv eks-statsråden i eit brev til departementet. Ho opplyser at ho utan unntak har motteke reiserekningane ferdig utfylt i departementet og så signert.

Departementet står heilt klart fast på at statsråden er heilt og fullt ansvarleg for at reiserekningane ho har signert og levert.

Advokaten reduserer dette til at «en forsvarsminister har det formelle ansvar for at hennes reiseregninger er korrekte, selv om departementet har stått for utfyllingen av disse». For å få saka ut av verda, gjekk Krohn Devold likevel med på å betale tilbake det ho vart kravd for.

Spørsmålet nå er om Riksrevisjonen vil vere nøgd med det oppgjeret som har skjedd.