• 1. juli opna arbeids— og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen den nye Arbeids og velferdsetaten (NAV). Aetat, trygdeetaten og sosialtenesta skal samlokaliserast, slik at brukarane skal få sin faste saksbehandlar som skal ta seg av dei uansett om dei treng sosialstønad, trygd eller jobb. I tillegg til å samordne tenestene er målet med reforma er å frigjere tid for saksbehandlarane til å ta seg grundigare av kvar einskild.
  • I samband med Statsbudsjettet i oktober legg regjeringa fram ein «handlingsplan for bekjempelse av fattigdom». - Her går vi mellom anna gjennom kortsiktige tiltak som sosialhjelpssatsar og målretta arbeidsmarknadstiltak, seier Hanssen.
  • Samstundes legg Hanssens departement òg fram ein «handlingsplan for økt inkludering av innvandrarbefolkningen». Den har relevans for fattigdomsproblemet, fordi ikkje-vestlege innvandrar er blant dei fattigaste gruppene i Noreg.
  • Seinare i oktober/november legg så regjeringa fram ei stortingsmelding om «Arbeid, velferd og inkludering». Ifølgje Hanssen vil denne skissere innhaldet i NAV. Her skal regjeringa ta «dei tunge grepa», med å endre dagens velferdsordningar i tillegg til å foreslå nye.