BT har sendt ei rekkje spørsmål til Forsvarsdepartementet om lovforankringa av dagens bistandsinstruks.

Dette er svaret i sin heilskap frå Forsvarsdepartementets informasjonsavdeling:

«Instruksen om Forsvaret sin bistand til politiet regulererdet operative samarbeidet mellom Forsvaret og politiet. Instruksen harvore endra fleire gonger, siste gong 22. juni 2012. Det er oppgåva til politietå hindre allmenn kriminalitet, her under terrorhandlingar. ForForsvarsdepartementet (FD) er det viktig at det er og skal vera eit skarptskilje mellom sivile og militære oppgåver. Når det er sagt, finst detårsakar til at Forsvaret likevel i enkelte høve kan hjelpe politiet i dettearbeidet. Dette er regulert i den nemnde instruksen.

Grunnlovens § 99 andre ledd gjev ikkje i seg sjølv nokogenerelt forbod mot bruk av militær makt mot borgarane, men grunnlovsføresegnainneber eit krav om lovheimel for slike tiltak, jamførlegalitets-prinsippet.

Det offentlege ordskiftet kring grunnlovsføresegna synergjerne til «Menstadslaget» i 1933, men føresegna har og hatt stort fokus i denseinare tid, blant anna i høve med demonstrasjonane i Stilla mot utbygginga avAlta-vassdraget på byrjinga av 1980-talet.

Grunnlovsføresegna er tolka i ljos av sedvane og juridiskteori og FD meiner at følgjande tolking gjev uttrykk for gjeldande rett i dag:

1. Bistand i form av logistikk/administrativ støtte i høvemed rednings-, ulukkes— og katastrofetilfelle fell utanfor føresegna si saklegeramme om militær makt.

2. All direkte bruk av militært personell til maktutøvingomfattast i utgangspunktet av forbodet i grunnlovsføresegna, sjølv om det militærepersonellet ikkje ber våpen. Kommandoforholda er i det høve ikkje avtyding. Når det gjeld ettersøking, pågriping og liknande tiltak overforfarlege personar, kan det synast til lang praksis til bistand frå Forsvaret, ogat forbodet i Grunnlova er mynta på andre situasjonar. Dette tilseier atslike bistandstilfelle fell utanfor rekkevidda til føresegna.

3. Militær maktbruk, her under i høve med bistand tilpolitiet, overfor norske eller utanlandske terroristar, fell utanfor rekkeviddatil føresegna.

4. Anna bistand til og kjempa imot kriminalitet enn det somfølgjer av punkt 1-3 krev klar lovheimel.

FD har fram til no difor meint at instruksen har vore eittilstrekkeleg heimelsgrunnlag. Men etter det som hendte den 22. juli 2011har det vore sett på at Forsvaret også skal kunne hjelpa politiet i andre høveenn det som har vore vanleg praksis fram til no. FD har etter desseomstenda føreteke ei ny totalvurdering av saka difor kome fram til at det bestevil vera at Forsvarets bistand til politiet får ei lovforankring somheimelsgrunnlag for betre å dekka gråsonene.

Til det siste spørsmålet er det og seie at FD har ansvaretfor å gjeva føringar for korleis føresegnar, instruksar med vidare skal tolkasti etaten. Det vil vera feil om underliggande organ sjølv gjer ut sinetolkingar slik at det i Forsvaret på tvers av forsvarsgreinene utviklar segulike tolkingar av sentrale og viktige føresegner med vidare. Dette erikkje unikt for Forsvaret. Det gjeld og i andre etatar.»