• Du skal få din eigen faste saksbehandlar på det nye NAV-kontoret, etter fastlegeprinsippet.
  • Den som skriv under på ei velferdskontrakt vil få auka sosialstøtta «opp mot» SIFO-satsar (frå 4.270 til 6.500 kroner månaden for ein einsleg). Skriv du ikkje under må du klare deg med dagens satsar.
  • I velferdskontrakten pliktar mottakaren seg til å ta kurs, utdanning, praksisplassar, rusbehandling eller andre tiltak. Målet for dei fleste vil vere å kvalifisere dei til arbeidslivet.
  • Samstundes seier Hanssen at dei det ikkje er realistisk å få inn i arbeidsmarknaden, på grunn av sjukdom og anna, skal få andre aktivitetstilbod. Hanssen ser for seg det kan skje i samarbeid med frivillige organisasjonar.
  • Hanssen seier òg at dei sjukaste av dagens langtidsmottakarar av sosialhjelp skal få uføretrygd.
  • Viss mottakarane ikkje gjer slik dei lovar i velferdskontrakten, til dømes hoppar av metadonbehandling, vil dei ifølgje Hanssen få fleire sjansar. Men til sjuande og sist blir det opp til saksbehandlaren din på NAV-kontoret å vurdere når du har brukt opp sjansane, og mister velferdskontrakt-pengane.
  • Hanssen varslar òg at dei vil la folk med velferdskontraktar gå lengre i statleg betalte praksisplassar i bedriftene. I dag er grensa seks månader. På spørsmål om praksisperioden skal utvidast svarar Hanssen: — Ja. Velferdskontrakten skal ikkje ha noko tidsavgrensing.
  • I tillegg skal stat og kommunar tilby fleire praksisplassar enn i dag.
  • Folk som går på arbeidsløyse- eller uføretrygd skal kunne tene meir enn i dag utan at det går ut over trygda.
  • Det kjem òg nye verkemiddel retta mot uføretrygda, spesielt unge, for å få dei i arbeid.
  • Regjeringa vil ikkje innføre bindande nasjonale sosialhjelpssatsar. Kvar kommune skal framleis få avgjere satsane sjølve.
  • Regjeringa vil heller ikkje operere med ei fast inntektsgrense for fattigdom, slik dei indirekte har gjort til no (OECD-grensa). I staden vil dei sjå inntekter og utgifter i samanheng.