Dagens framlegg til Nasjonal Transportplan (NTP) inneheld ei historisk satsing på å utbetre dei viktigaste hovudvegane gjennom fylket.

Mest går til å ruste opp Kyststamvegen, E39. Dette har også vore eit klart prioritert vegsamband av politikarane i fylket.

Lavik til Hornindal

I første del av perioden, fram til 2013, skal vegen frå ferjekaia i Lavik og vidare gjennom sentrum i sognebygda rustast opp. I tillegg skal også strekninga Torvund-Teigen på vegen mot Vadheim utbetrast for 340 millionar kroner. Dette er ein av dei store flaskehalsane på stamvegen frå sør til nord på Vestlandet.

Også mellom Vadheim og Førde skal arbeidet ta til i første del av transportplanperioden. 300 millionar kroner skal brukast fram til 2013, i åra etter kjem 200 millionar. Største delen av denne halve milliarden vil gå med til å ruste opp den smale og svingete vegen gjennom Ytredalen nord om Vadheim og vidare mot Sande.

Frå Førde og nordover skal brorparten av millionane rulle i siste halvdel av perioden. I alt er det sett av 1,85 milliardar kroner på E39 frå Førde og til Hornindal. I tillegg skal det brukast over ein milliard på den nye Kvivsvegen mellom Hornindal og Austefjorden i Volda. Arbeidet på dette sambandet er nyleg sett i gang. Når vegen gjennom fjellet Kviven står ferdig, vil E39 vere ferjefri frå Lote på nordsida av Nordfjorden til Festøya sør om Ålesund.

Ny bru

I Sogndal blir det jubel når samferdsleminister Liv Signe Navarsete har med pengar til ny bru over Loftesnessundet i heimbygda. Den smale brua på riksveg 5, stamvegen som bind E39 saman med E16, er ein av dei mest trafikkerte vegstrekningane i fylket. Etter det Bergens Tidende kjenner til er det sett av 100 millionar kroner i første del av perioden til dette, som i all hovudsak er eit trafikktryggleikstiltak. Det skal byggjast ny bru på utsida av den gamle, som deretter skal rivast.

Samferdsleministeren har tidlegare gått langt i å signalisere ei storsatsing på E16, stamvegen frå Bergen til Oslo. Også her dryp det på Sogn og Fjordane. Det er sett av midlar både til å strekkja oppover mot Sæltun i Lærdalsdalen, og frå Borlaug til Maristova på Filefjell.

Kommentarar? Bruk gjerne feltet under!

Sogn og Fjordane

For perioden 2009-2013 har ein prioritert mindre rassikringstiltak på mellom anna den rasfarlege E-39 strekninga Loteberget I tillegg vil det bli gjennomført planlegging med sikte på meir omfattande tiltak på denne strekninga i perioden 2014 -2019.

På E39 er det lagt opp til å starte ei omfattande opprusting av strekninga Vadheim – Sande – Førde og Førde – Skei – Hornindal i perioden 2009-2013. Arbeidet vil omfatte opprusting av eksisterande veg, ved mellom anna utviding av breidda, utbetringar av kurvar og forsterking av vegen. I same periode prioriterer ein elles omlegging av Lavik ferjekai. Her er den smale og bratte vegen ein flaskehals for tungtrafikken. Hovudtyngda av arbeidet strekninga Førde – Skei – Hornindal vil skje i perioden 2014-2010. I tillegg er det nødvendig å utbetre dagens riksveg 60 på strekninga Kjøs bru – Grodås, som følgje av at strekninga vil inngå i E39 etter at Kvivsvegen er opna for trafikk.

På E39 fullfører ein den vedtekne ombygginga av strekninga Torvund – Teigen. I tillegg fullfører ein utbygginga av Kvivsvegen på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

På riksveg 5 er det lagt opp til å byggje ny Loftesnes bru i Sogndal.

I perioden 2010 -— 2013 prioriterer ein tiltak for å auke frihøgda på riksveg 15 over Strynefjellet. Det er lagt opp til å auke frihøgda til 4,2 meter i Strynefjellstunnelane på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. I samband med dette er det også lagt opp til å sikre eit rasfarleg område mellom tunnelane i Grasdalen. I perioden 2014-2019 er det lagt opp til å fullføre utbetringa av Strynefjellstunnelane, medrekna rassikringa i Grasdalen.

For riksveg 15 Otta – Måløy er det lagt til grunn ei planramme på 650 millionar kroner til ei rekkje investeringstiltak. Av dette skal 250 millionar kroner nyttast i første fireårsperiode. Innanfor denne ramma prioriterer ein mellom anna bygging av gang- og sykkelvegar, mindre utbetringar med vekt på breiddeutviding og trafikksikringstiltak.

For E16 på strekninga Øye i Oppland – Borlaug prioriterer ein anleggsstart i perioden 2010-2013. I samband med den tiltakspakka som regjeringa la fram i januar i år blei det løyvd midlar til å starte utbetringar i 2009 på delstrekninga Eidsbru – Varpe bru, vest for Øye.