Bondevik har også innførd som prinsipp at statsrådar som er sterkt usamde, må setje seg ned og snakke seg fram til kompromiss om saker departementa ikkje har greidd å bli samde om, før dei tek sakene opp i regjeringskollegiet.

Slik søker Bondevik å eliminere dei verste problemsakene som elles kunne truge med å slite regjeringskollegiet i filler.

«I Kongens navn»

Bondevik fortalde sjølv om det indre livet i regjeringskontora under eit presseseminar arrangert av rådgjevingsorganet Statskonsult i går. Her vart boka «I Kongens navn» presentert. Den er forfatta av avdelingsdirektør Svein Eriksen i Statskonsult og inneheld ein studie av den norske regjeringa sett i eit europeisk perspektiv. Boka dekker perioden 1960-85.

Bondevik kunne fortelje at sidan alle saker handlar om økonomi, er det viktig at finansministeren og statsministeren har sine formøte for at ein skal makte å halde økonomien under kontroll. For at finansministeren ikkje skal stå åleine, er det viktig at han har statsministeren i ryggen.

Konfliktløysing

Som oftast kjem Bondevik til regjeringskonferansen med eit ferdig framlegg til kvar løysinga i stridsspørsmål bør ligge. Han nyttar den store staben av politiske rådgjevarar ved statsministerens kontor til å fylgje med i det som rører seg i dei ulike departementa. Dei kjem så med innspel til Bondevik.

Dersom det under ein regjeringskonferanse oppstår problem som er så vanskeleg at ein ikkje greier å finne ei løysing der og då, blir saka spela over til det såkalla underutvalet. Underutvalet, også omtala som «det indre kabinett», består av statsministeren, finansministeren og leiaren for kvart av dei tre regjeringspartia. Underutvalet, som resten av regjeringsmedlemene har døypt «overutvalet», må så finne løysinga.

Hardare trykk

Bondevik, som har erfaring frå regjeringskontora over ein periode på meir enn 30 år, meiner trykket mot regjeringa er mykje større i dag enn då han først gjorde entre. Det kjem både frå ei meir pågåande presse og frå Stortinget.

Det har resultert i at ein i regjeringa arbeider meir med prosessar omkring større saker enn tidlegare. Mellom anna er ein opptekne av å sikre at opplysningar ikkje lek ut slik at folk går i skyttargraver og det går prestisje i saker.

Bondevik framheva sterkt verdien av å ha partileiarane med i regjeringa. Det var viktig for å unngå at dei vert for profilerte på sida av regjeringa. Og han understreka at han heile vegen har ynskt generalistar, ikkje fagpersonar som statsrådar. Han meiner det er viktig for å trekkje alle regjeringsmedlemene med i diskusjonar, det gjer alle medansvarlege for avgjerdene og skaper lojalitet.

Avvikande statsrådar

Bondevik og dei tidlegare statsrådane Per Kleppe (A) og Leif Arne Heløe (H) er overstrøymande positive i omtalen sin av boka «I Kongens navn».

Bondevik sitt ønskje om generalistar i statsrådsstolane står i ein viss motsetnad til dei funn Eriksen har gjort. Han kan nemleg opplyse at norske statsrådar oppfattar seg meir som fagpersonar enn som politikarar enn i noko anna land som er med i undersøkinga.

Eriksen omtalar vidare tre former for avvik frå korleis statsrådar normalt opptrer:

n Statsråden praktiserer sivil ulydnad og bryt med vitande og vilje spelereglane for regjeringa med den grunngjevinga at viktige politiske omsyn står på spel.

n Statsråden er skeptisk til det byråkratiske establishmentet og ser på byråkratiske rutinar som hinder for å kunne gjennomføre reformer. Desse statsrådane prøver dels å motarbeide det etablerte systemet, dels å isolere seg frå det. Eit døme på dette er tidlegare statsminister Per Borten, eit anna er Victor Norman.

n Arbeidsulykker. Til dømes at ein stressa statsråd uttalar til pågåande medier på ein slik måte at han bind opp regjeringa.

OPEN OM DEI INDRE GEMAKKER: Ein svært openhjartig statsminister Kjell Magne Bondevik fortalde i går om det indre livet i regjeringa og kva slags mekanismar han har teke i bruk for å unngå opne konfliktar. FOTO: SCANPIX